Kor er bustøttekontoret i kommunen?

Gulen kommune, Eivindvikvegen 1119, 5966 Eivindvik

Sjekk om du kan få bustøtte

På Husbanken sine nettsider kan du sjå kven som kan få bustøtte, kva slag krav som gjeld for bustaden og kva for inntektsgrenser som gjeld. Du kan og prøve bustøttekalkulatoren. Klikk her for å lese meir om kven som kan søke om bustøtte.

Søk bustøtte

Søknadsfristen for bustøtte er den 25. kvar månad. Utbetaling skjer ca. den 20. i påfølgjande månad. Dersom du får godkjent bustøtte, blir søknaden din overført til neste månad. Får du avslag fordi du har høg inntekt ein månad, blir søknaden din automatisk overført til neste månad. Klikk her for å lese meir om korleis du søker.

Meld frå om endringar

Du har plikt til å melde frå dersom det er endringar i nokon av opplysningane du har gitt i søknaden. Sjekk alltid at det er brukt riktige opplysningar i vedtaket du får. Klikk her for å lese meir.

Klage på vedtak om bustøtte

Dersom du meiner noko er feil i vedtaket, kan du klage innan 3 veker etter du fekk vedtaket. Klikk her for å lese meir om korleis du klagar på vedtak om bustøtte.

Meir informasjon

Du finn meir informasjon om bustøtte på husbanken.no. Du kan og ta kontakt med kommunen for å få hjelp og rettleiing.