Kven kan søkje?
Føresetnad:
- Søknad med underskrift.
Klikk her for å finne søknadsskjema "Søknad om helse- og omsorgstenester"... - Søkaren forventes å delta med de oppgåver ho/han sjølv klarer å utføre.
- Nødvendig utstyr er tilgjengelig som støvsuger, vaskemiddel, klutar osv.
- Det kan være nødvendig å montere/plassere hjelpemiddel.
Andre kriterie som vert vurdert:
- Førebygge behov for andre tenester.
- Legeerklæring ved behov, ved spesielle diagnosar.
- Heilheitsvurdering av familiens situasjon, når søkjar bur saman med funksjonsfriske.
Omfang/innhald av teneste
1. Standard for reinhald
- Hus reinhald (Vaske golv, støvsuge, riste matter/ teppe, støvtørke) utførast kvar 14. dag.
- Hus reinhald utførast i rom som er i dagleg bruk; stove, kjøkken, bad, toalett, soverom og entre. Det setjast av 1 time i omsorgsbustad og 1-2 timar i annan bustad (Tidsbruken er anslagsvis og kan variere frå gong til gong.)
- Sengetøy skiftast normalt kvar 14. dag.
- Klede vaskar ein normalt 1 gong kvar veke.
2. Dessutan er det følgjande tilleggstenester:
Personar som får tildelt hjelp gir ein moglegheit til å forvalte den tid hjelpa skal ta til andre tenester, tilleggstenester. Det føreset då at brukaren har andre personar som utfører dei tildelte oppgåver. Dette skal vere unntak, ikkje regelen.
- Hjelp til å vaske kjøleskap og/ eller komfyr, mikrobølgjeovn.
- Innvendig vindaugsvask utførast helst om våren. Vindaugsvask gjeld vindauga i stova og kjøkken.
- Hjelp til å organisere innkjøp av kolonialvarer 1 gong for veka. Brukaren betaler sjølv for varetransport.
- Hjelp til å bestille nødvendig brensel.
- Hjelp til å bære inn ved frå oppsett vedla frå skur eller kjellar.
- Nødvendig hjelp til å organisere bosslevering og snøbrøyting. Brukaren betaler sjølv meirkostnadane.
3. Følgjande tenester fell utanfor kommunen sin standard:
- Stryking
- Baking, bearbeiding av råvarer
- Storreingjering av tak og vegger, boning av golv, dra ut store tunge teppe.
- Huslege oppgåver i samband med gjester og vaksne, heimebuande born.
- Utvendig vindaugspuss.
- Hagearbeid
- Hjelp til husdyrhald
- Flytting
- Brøyting av privat veg
4. Anna
På helgedagar blir det i utgangspunkt ikkje gjennomført praktisk bistand.
Ved akutt sjukdom og forverring av kronisk tilstand setjast dei generelle bestemmingar til side, og hjelp i nødvendig omfang blir gitt.
Det vert innarbeida rutinar for jamleg evaluering av tenestene saman med brukar og/ eller pårørande.