Gjeldande forskrift har ikkje vore endra sidan 2000, og NGIR har gjort seg erfaringar med at forskrifta ikkje løyser alle forhold på ein god nok måte.

Kommunane og NGIR ser behovet for å gjere forskrifta tydlegare med omsyn til om det er NGIR eller kommunane som skal stå for ulike oppgåver knytt til husholdningsrenovasjonen, samt andre høve som har vist seg å være uklare i eksisterande forskrift.

Framlegget til ny forskrift er basert på gjeldande forskrift, og regulerer forholdet mellom abonnent/kunde på den eine sida, og NGIR (kommunane) på den andre sida.

Den nye forskrifta er meir systematisert og strukturert enn tidligare, og gjev NGIR meir rom for å supplere forskrifta med detaljert informasjon i rettleiarar og retningslinjer. Forskrifta vert difor meir dynamisk, og ein får høve til å tilpasse renovasjonsordninga teknologiske løysingar for avfallshandtering og andre endringar som kan oppstå, innanfor råmene til forskrifta.

Forslaget til ny renovasjonsforskrift vert med dette sendt på høyring, og vil være tilgjengeleg på kommunen sine heimesider. Samtlege av deltakarkommunane vil sende forskrifta på høyring.

Når høyringsperioden er over, vil innkomne uttalar og innspel verte vurderte. Endeleg framlegg til forskrift vil verte handsama i dei respektive kommunestyra.

Når forskrift er vedteke vil den verte kunngjort i Norsk Lovtidende og gjort tilgjengeleg på Lovdata.no.

 

Høyringsuttalar skal sendast skriftleg og helst elektronisk til NGIR: post@ngir.no eller per post til:

Nordhordland og Gulen Interkommunale Renovasjonsselskap IKS,

Lindåsvegen 1260, 5956 Hundvin.

 

Høyringsfrist er sett til 10. januar 2021.

Her kan du sjå høyringsdokumenta