Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Ytre Sogn Kystlag


Kontaktperson

Det nye kystlaget for Ytre Sogn er skipa, med Lars Svaberg som leiar. Laget hadde skipingsmøte i Eivindvik 16.03.11 med 18 frammøtte. Til no er det 37 som har meld seg som medlemmer. Lars Svaberg har med seg Jostein Midtun, Tove Nygård, Laila Nyhammer og Gunnar Borg Bø i styret. Ytre Sogn Kystlag er del av Forbundet KYSTEN, som har som formål å fremme bevaring og allmenn bruk av tradisjonelle fartøy, bygningar, anlegg og kystmiljø elles. Første målet no er å få tak i gamle færingar og robåtar som kan setjast i stand. Kystlaget vil også satse på tiltak for barn og unge. Fleire av medlemmene har større skøyter, slik at det blir lagt opp til turar og aktivitetar. Framover arbeider laget med målsetnad om å skaffe lokale, og her håper ein å få til noko ved den nedlagde slippen i Eivindvik. Alle kan bli medlem i Ytre Sogn Kystlag!

Language Norsk - NorwegianLanguage English - EngelskLanguage German