Gulen kommune har vedteke å innføra eigedomsskatt på alle eigedomar i kommunen
Gulen kommune har sidan 1997 hatt eigedomsskatt på verk og bruk, jf. "Lov om eigedomsskatt i kommunane" av 6. juni 1975. Kommunestyret har i K.sak 121/07 med heimel i eigedomsskattelova §§ 3 og 4 vedtatt å utvida eigedomsskatten til å gjelda heile kommunen frå 1.januar 2009.

I samband med dette skal alle eigedomar i kommunen synfarast og takserast.

Synfaringa og takseringa vert utført av takseringspersonell som er tilsett i kommunen. Desse har fått opplæring i taksering og skal utføre takstarbeidet basert på retningslinjer som er vedtatt av takstnemnda for eigedomskatt i kommunen. Den endelege taksten vert vedteken av takstnemnda.

Skattesatsen (som vil gjelde alle eigedomar) vert vedteken av kommunestyret og kan vera mellom 2 og 7 promille av taksten.

Taksering
For bustader, fritidshus og tilhøyrande bygningar samt sjølve eigedomen skal det gjennomførast ei enkel taksering. Det er utarbeidd retningslinjer for arbeidet med takseringa.

Taksten vert rekna ut på grunnlag av faktaopplysingar eigedomen, samt ei vurdering av standard og andre forhold på og rundt eigedomen. Dette er faktorar som verkar inn på verdien av eigedomen. Faktaopplysingane er alder og storleik på bygg og eigedom (areal), desse vert henta frå offentlege register.

Det er bruksareal (BRA) etter NS 3490 som vert lagt til grunn for utrekninga av areal for bygget. Areala som er oppgjeve i dei offentlege registra vert kontrollert ved takseringa.

Der arealet av eigedomen (tomta) er ukjend, vil det bli lagt til grunn eit areal på 1 dekar.

Landbrukseigedomar
For landbrukseigedomar skal berre bustadhus (t.d våningshus/kårbustad) og eigen garasje for bil takserast. For kvart bustadhus vert det takstert ein tomt på 1 dekar.
Driftsbygningar og andre landbruksbygg samt resten av landbrukseigedomen er fritatt for eigedomsskatt og skal ikkje takserast.

Synfaring
I samband med takseringa skal alle eigedomar synfarast. All synfaring skjer utvendig der
bygningar vert oppmålt/kontrollert i høve offentlege register og saman med eigedomen elles vurdert i høve standard og andre ytre forhold. Det vert tatt bilete av alle eigedomar.

Synfaringa vert utført av personell som er tilsett i kommunen, og skal legitimere at dei arbeider på oppdrag for kommunen.

Det er ikkje naudsynt at eigar er tilstades under synfaringa.
Deltaking ved synfaringa
Dersom eigar meinar det er spesielle tilhøve som lyt vurderast ved synfaringa, som kan ha verknad på taksten, kan ein sende ei skriftleg melding om dette.

Eigar kan og vere til stades ved synfaringa om dette er ønskjeleg. Kommunen lyt då få melding om dette saman med opplysingar om gnr/bnr på eigedomen og telefonnummer på dagtid slik at vi kan ta kontakt for å avtale tid for synfaringa. Du kan melde frå om dette på epost: eskatt@gulen.kommune.no eller på telefon, telefaks eller vanleg post.

Frist for å gje melding om deltaking på synfaring er sett til 30.10.2008

Høve til retting av feil
Etter at synfaringa er gjennomført, vert dei faktaopplysingane som ligg føre sendt eigar.
Det er då høve for eigar å kontrollere opplysingane og gje tilbakemelding til kommunen om eventuelle feil og manglar. Tilbakemelding bør sendast kommunen snarast råd slik at vi kan rette desse før endeleg takst vert vedtatt.

Klagerett
Eigar har rett til innsyn i korleis takst på eigedomen er berekna, og rett til å klage på vedtak om takst. Klagen må grunngjevast ved feil ved faktagrunnlag eller vurderinga som er gjort.

Vedtak om takst vert gjort av takstnemnda for eigedomsskatt, og er offentleg først etter at skattelistene er lagt ut 1. mars 2009. Formell klage kan såleis ikkje sendast inn før 1. mars 2009.