Om du tenkjer du eig eit kulturminne som du ikkje ynskjer inn i plandokumentet kan vi fjerne det i ettertid eller la vere ta det inn dersom du melder frå til kulturkonsulent.

Ved å ha kulturminnet registrert i planen vert det mogeleg for eigar å søkje økonomisk støtte og rettleiing om ein vil ivareta minnet, då det er ein del ulike ordningar å søkje på.  Å vere registrert i planen medfører ikkje ei freding. Det er heller ikkje slik at alt som er med i planen automatisk skal restaurerast, men ein har ein plan som hjelper oss å styre og prioritere. Dokumentet vil ha eit handlingsprogram og skal reviderast med jamne mellomrom, dette betyr at ting kan kome med i planen etterkvart også.

Under arbeidet no samlar vi inn informasjon og bilete. Mykje er på plass, men ein del foto vil Rådgjevande arkelologar som skriv planen komme og ta sjølve. I den forbinding varslar vi no om at du kan få fotograf på eigedommen og at du har høve til å gje oss ei melding om du ikkje ynskjer dette.


Kulturkonsulent for Gulen kommune, Vivian Våge.