Faste telefontider på byggjesaksavdelinga

 Det vil berre vere mogleg å nå sakshandsamar innanfor telefontida, med atterhald om møteverksemd som kan verte planlagt i dette tidsrommet. Dei nye telefontidene vert måndag mellom kl 12 og kl 15 og onsdag og fredag mellom kl 10 og kl 13. Tysdag og torsdag er telefonen stengd.

Stor saksmengd, lengre behandlingstid

Byggjesaksavdelinga har for tida svært stor saksmengd, og sakene tek dessverre lenger tid enn normalt. Vi beklagar ulempene dette medfører. Vi ser svært gjerne at ein sender oss e-post i staden for å ringje. Vi besvarar e-postar så fort vi kan.