Vestland fylkeskommune skal starte kartlegging av fysiske inngrep, habitat, ungfiskundersøking, og forslag på tiltak i eit utval elver. Undersøkinga vil særleg handle om korleis sjøaure blir påverka, og kva grep som kan gjerast for å styrke fiskebestandane i elvene.
Undersøkinga er ein del av oppfølginga av vassforskrifta, og blir gjort saman med Gulen kommune og fleire andre kommunar i Vestland fylke gjennom samarbeidet i vassområda.
Det er konsulentselskapet NORCE (Laboratorium for ferskvannsøkologi og innlandsfiske) som skal utføre oppdraget.
I felt skal dei registrere botnsubstrat, skjulforhold, gyteområde, elvemorfologi, vandringshindre, kantvegetasjon m.m.
I tillegg skal det utførast elfiske og i enkelte elver skal det også takast botndyrprøver. Undersøkingane er planlagt utført i løpet av seinsommaren og hausten 2020.
Nedanfor er liste over elvene som skal undersøkast i Gulen kommune. Grunneigarar, samt lag og organisasjonar kan søkje om midlar til tiltak som konsulenten føreslår for å betra tilstanden for sjøauren.
YTRE SOGN VASSOMRÅDE |
Vann-nett ID |
Kommune |
Åmdalselva |
068-64-R |
Gulen |
Kråketjørna med inn- og utløpsbekker |
068-80-R |
Gulen |
Elv mellom Øvre Halsvika og Steinsvatnet |
067-97-R |
Gulen |
Midttunelva |
068-62-R |
Gulen |
Moldeelva |
068-66-R |
Gulen |
Småleira med innløpsbekk |
0280010202-C |
Gulen |
For meir informasjon ta kontakt med vassområdekoordinator Christian E. Pettersen på e-post (christian.engebretsen.pettersen@vlfk.no) eller telefon 47639165.