Telenor skal byggje ut breiband i store delar av Gulen i løpet av 2019, og vil arrangere eit informasjonsmøte om dette på Dalsøyra samfunnshus kl 18.30. Eige skriv om møtet vert send frå Telenor til husstandane. Utbyggingsprosjektet skjer etter avtale mellom Gulen kommune og Telenor, og kommunen vil vere til stades på møtet. På møtet vil Telenor mellom anna informere nærare om utbyggingsprosess, installasjon og tekniske løysingar og kva tilbod som kan tingast.