HeimHelse, sosial og omsorgKoronaStatus koronasituasjonen i GulenSmittesituasjonen i Gulen kommune 06.12.2021

Smittesituasjonen i Gulen kommune 06.12.2021

Tre elever på ulike trinn ved Eivindvik skule er definert som nærkontaktar til husstandsmedlem med covid-19. Dei har testa negativt på PCR-test 03.12.21. Nasjonale retningsliner vert følgde.

 

To elevar og ein tilsett ved Byrknes skule er definert som nærkontaktar. Dei har negative hurtigtestar og er testa med PCR-testa i dag 06.12.2021.

 

Ytterlegare ein vaksen person i kommunen har testa positivt med PCR test for covid-19. Smittevegen er ikkje kjend. Det vert jobba med smittesporing.

 

Det er for tida svært stor pågang av telefonar til legekontoret frå innbyggjarane i Gulen kommune.

Vi vil oppmode innbyggjarane som har spørsmål om covid-19 om å finne mest mogeleg informasjon sjølve på heimesida til Folkehelseinstituttet www.fhi.no, og kontakte legekontoret dersom det er heilt spesielle problemstillingar som må svarast ut lokalt.


Sist oppdatert: 19.04.2022
Publisert: 06.12.2021