HeimHelse, sosial og omsorgKoronaStatus koronasituasjonen i GulenSmittesituasjonen i Gulen kommune 29.11.2021

Smittesituasjonen i Gulen kommune 29.11.2021

Dei øvrige elevane og tilsette på mellomtrinnet har testa negativt med PCR-testar 27.11.21. Det er no fire elevar på mellomtrinnet og to elevar på ungdomstrinnet som er i isolasjon.

Det vil bli organisert heimeundervisning for mellomtrinnet ved Brekke skule
29.11. – 03.12.21.

Elevar og tilsette på barne- og ungdomstrinn vil bli følgt opp med hurtigtestar i same tidsrom.

___

Ytterlegare ein vaksen person har testa positivt for covid-19 i Gulen kommune
(27.11.21.) Personen har opphelde seg i eit område i Norge med større smitterisiko. Her er det ingen nærkontaktar i kommunen.


Sist oppdatert: 19.04.2022
Publisert: 29.11.2021