Brukarstyrt personleg assistanse - BPA

Kven kan søkje om brukarstyrt personleg assistanse?

Har du nedsett funksjonsevne og treng hjelp i kvardagen, kan du søkje om brukarstyrt, personleg assistanse (BPA).

Du som søkjer må ha eit langvarig og stort behov for hjelp.

Slik søkjer du

Trykk her for å laste ned søknadsskjemaet for helse- og omsorgstenester 

Fordi søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din, er det ikkje trygt å sende søknaden på e-post. Lever søknaden og vedlegga på kommunehuset eller send dei til:

  • Gulen kommune
    Ved Tiltaksnemda for helse- og omsorgstenester
    Eivindvikvegen 1119
    5966 Eivindvik 
Kva kostar det?

Den personlege hjelpa er gratis. Får du hjelp til praktisk husarbeid i heimen din, må du betale ein eigenandel.

Det er den samla inntekta til husstanden din som avgjer kor mykje du skal betale.

Tenesta brukarstyrt personleg assistent skal gje moglegheit til:
  • At den einskilde skal kunne leve og bu sjølvstendig
  • At den einskilde skal kunne ha eit meiningsfylt tilvære i fellesskap med andre
  • At den einskilde brukar skal ha friheit til å leve sitt eige liv
Kven får tenesta?

Tenesta vert gitt til personar som har eit særskilt hjelpebehova grunna sjukdom, funksjonshemming, alder eller andre årsaker. Søkjar må være fylt 18 år.

Kva omfattar tenesta?
  • Personleg stell og hygiene
  • Hjelp til på- og avkledning
  • Lage mat, hjelpe til i spisesituasjonen
  • Gje medisinar
  • Enkelt husarbeid
  • Vere med til lege, tannlege, frisør, trening etc
  • Vere med på sosiale aktivitetar kino, kafe, handling, og besøk
  • Hjelp til å komme seg på jobb
Les meir

Trykk her for å lese eit rundskriv frå Helse- og omsorgsdepartementet om BPA.

Kva skjer vidare?
  • Vi prøver å svare deg innan fire veker. Dersom vi ikkje klarer det, tar vi kontakt med deg og fortel kor lang tid det vil ta før du får svaret.
  • Vi tar kontakt med deg dersom vi treng fleire opplysningar eller ønskjer å besøka deg.
Kontakt

Har du spørsmål om BPA ordninga, ta kontakt med: 

Vi minner om at helseopplysningar ikkje bør sendast på e-post.

Slik klagar du

Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak eller tilbodet du får.


Sist oppdatert: 19.06.2023
Publisert: 13.07.2018