HeimKultur og aktivitetUKM - Ung kultur møtast

UKM - Ung kultur møtast

Det er ein møteplass for alle kulturuttrykk, der eigenaktivitet og meistring står i sentrum. Ungdommane sjølv skal vere aktive i heile prosessen. UKM består av lokale workshops og mønstringar i kommunale, fylkesfestival og nasjonal festival.

Workshops og lokal mønstring

Kvart år arrangerar Gulen kommune workshops og lokal mønstring.

Workshops er ulike kurs og seminarar ein kan delta på for å lære masse forskjellig. Det kan vere alt frå graffiti, dans, kunst, poesi, e-sport, foto og sjakk. Det vil variere litt frå stad til stad og år til år. Du kan vere med på så mange workshops som du vil. Her kan du kome uansett om du kan mykje frå før eller ingenting frå før.

Lokal mønstring opent for alle som har noko dei vil vise fram eller vil vere med å arrangere. Nokon får vere med til fylkesfestival og den nasjonale UKM- festivalen. Her vil det bli god stemning.

Begge desse krev separat påmelding. Viss du melder deg på ein workshop, vil det ikkje seie at du er meldt på lokalmønstringa. Husk å meld deg på begge deler om du vil. Lokalmønstringa er opent for publikum, så det er veldig kjekt om mange kjem og ser på dei unge talenta vi har i Gulen.

Alt er sjølvsagt gratis.

Sjå meir informasjon og påmelding om årets workshopar og lokalmønstring HER.

Ta kontakt med Vivian Våge om du har noko spørsmål:

Vivian.vage@gulen.kommune.no
Tlf 926 22 607


Sist oppdatert: 12.01.2024
Publisert: 08.03.2021