Bu- og driveplikt
Buplikt
Buplikt betyr at nokon må bu på eigedomen.
Det kan vere buplikt på landbrukseigedomar og på andre eigedomar. I nokre tilfelle er buplikta lovbestemt. I andre tilfelle kan kommunen bestemme at det er buplikt på eigedomen, anten ved forskrift eller i kvar einskild sak.
Buplikta kan vere personleg eller upersonleg. Personleg buplikt betyr at du som eig må bu der sjølv. Personleg buplikt blir oppfylt når du som har buplikt er folkeregistrert som busett på eigedomen.
Upersonleg buplikt betyr at nokon må bu på eigedomen, men at dette ikkje treng å vere eigaren sjølv. Upersonleg buplikt blir oppfylt når nokon er registrert som busett på eigedomen i folkeregisteret.
Kva for eigedomar har buplikt?
Kommunen skal ut frå omsyn til busetjing, ressursforvaltning og kulturlandskap ta stilling til om det skal vere buplikt på ein eigedom, og kor lenge plikta skal vare.
Buplikt kan vere eit vilkår for å få konsesjon.
Det er ikkje buplikt på konsesjonsfrie eigedomar. Frå dette gjeld eit unntak, slektskap og odel.
Eigedom med bustader der fulldyrka og overflatedyrka jord på eigedommen er meir enn 25 dekar, eller der eigedommen har meir enn 500 dekar produktiv skog, kan du overta konsesjonsfritt på grunn av odelsrett eller slektskap. Det er eit vilkår at eigedommen har eit hus som er eller har vore i bruk som heilårsbustad, eller at det er hus under oppføring på eigedomen.
Konsesjonsfridomen er i slike saker avhengig av at den som overtar flyttar inn på eigedomen innan eitt år og bur der sjølv i minst fem år (personleg buplikt).
Trykk her for å lese meir om buplikt på departementet sine heimesider.
Les meir om konsesjon lengre ned på sida.
Kva skjer om buplikta ikkje blir oppfylt?
Kommunen har ansvar for å kontrollere og følgje opp brot på buplikta. Brot kan føre til at eigedomen blir tvangsseld.
Søkje om driveplikt på landbrukseigedom
Eig du ein eigedom med jordbruksareal, har du plikt til å sørgje for at jorda blir driven i heile eigartida. Du oppfyller driveplikta når du sjølv driv arealet eller leiger det bort som tilleggsjord til ein annan landbrukseigedom for minimum ti år om gongen.
Er du ny eigar, må du innan eitt år ta stilling til om du ønskjer å drive arealet sjølv eller leige det bort. For å få fritak frå driveplikta må du sende søknad til kommunen.
Slik søkjer du
Søknad om fritak for driveplikta på landbrukseigedomar i Gulen kommune sender du inn slik:
- Digitalt og sikkert: eDialog, sikker innsending
- eller via e-post:postmottak@gulen.kommune.no
- eller til postadresse: Gulen kommune
Eivindvikvegen 1119
5966 Eivindvik
Søknaden kan gjelde heile eller delar av jordbruksarealet. Vi har ikkje eit eige søknadsskjema for dette, så det er nok at du skriv eit brev og sender det til kommunen. Kommunen kan gje fritak for ei viss tid eller varig. Det kan òg stillast vilkår for fritaket.
Kven kan søkje fritak?
Eigarar av jordbruksareal, som omfattar fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite.
Vilkår
Kommunen vil leggje vekt på
- kor viktig det er å halde jordbruksarealet i hevd
- storleiken på arealet og avkastingsevna
- om det er bruk for jordbruksarealet som tilleggsjord i det området der eigedommen ligg
- søkjar sin livssituasjon
Kva skjer vidare?
Kommunen skal hente inn dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter gjer vi eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving saman med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving viss det kan tenkjast at du blir misnøgd med vedtaket. Viss grunngjevinga ikkje føl med, kan du få den ved å kontakte kommunen innan klagefristen for vedtaket.
Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Viss saka ikkje kan avgjerast innan ein månad, skal du ha skriftleg beskjed om grunnen til dette. Du skal få opplyst når det er venta at vedtaket blir fatta.
Klage på vedtak
Både du som søkjar og andre med rettsleg klageinteresse kan klage viss du eller de er misnøgde med vedtaket. Fristen er tre veker frå vedtaket er teke imot. Forklar kva du er misnøgd med, og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Viss du treng rettleiing, kan du kontakte kommunen. Lèt kommunen avgjerda stå, blir saka send vidare til Statsforvaltaren som avgjer om klagen skal takast til følgje.
Kva seier lova?
Lov om jord (jordlova) § 8 Driveplikt
Lov om jord (jordlova) § 8a Fritak frå driveplikt
Driveplikten etter jordloven, rundskriv 2009
Driveplikten etter jordloven, rundskriv 2011
Søkje konsesjon
Konsesjon betyr løyve til å erverve fast eigedom.
- Erverv er eit fellesord for alle måtar du kan overta ein eigedom på: kjøp, arv eller gåve.
- Fast eigedom er for eksempel eit hus, ein gard, ei tomt eller andre areal.
Slik søkjer du
- Landbruksdirektoratet informasjon om konsesjon.
- Last ned og fyll ut riktig skjema.
Send søknadsskjemaet til Gulen kommune:
- Digitalt og sikkert: eDialog, sikker innsending
- eller via e-post:postmottak@gulen.kommune.no
- eller til postadresse: Gulen kommune
Eivindvikvegen 1119
5966 Eivindvik
Konsesjonsfrie erverv
Hovudregelen er at du utan konsesjon kan erverve eigedom med bygningar som
- er maks 100 dekar
- har maks 25 dekar fulldyrka eller overflatedyrka jord
Erverv av tomt som kommunen har lagt ut til bustad- eller fritidsføremål, og erverv av ubygd areal som i kommune- eller reguleringsplan er lagt ut til anna enn landbruksføremål, er òg som oftast konsesjonsfritt. Erverv av leilegheit er konsesjonsfritt.
Erverv frå nær familie er som regel konsesjonsfritt. Dei same reglane gjeld for sambuarar som for ektefellar.
Når ervervet gjeld ein landbrukseigedom, kan konsesjonsfridommen vere omfatta av buplikt. Ervervet er òg konsesjonsfritt når ervervaren har odelsrett til eigedommen. Konsesjonsfridommen er omfatta av buplikt.
Når må eg sende eigenerklæring om konsesjonsfridom?
Dersom ervervet er konsesjonsfritt, er hovudregelen at ervervaren sender inn eigenerklæring. Ervervaren må sende erklæringa til kommunen for stadfesting og etterpå til Kartverket for tinglysing.
Eigenerklæring er ikkje nødvendig ved
- erverv av utbygd eigedom der arealet ikkje overstig 2 dekar
- erverv av dei fleste typar leilegheiter
Når må eg søkje om konsesjon?
Dersom ervervet ikkje er konsesjonsfritt, må du søkje konsesjon. Søknad om konsesjon framsetjast på eige skjema, som sendast til kommunen.
Konsesjon skal vanlegvis ikkje gjevast dersom det oppstår sameige i eigedomen. Konsesjon må være gjeve for at ervervet kan tinglysast.
Klage
Du kan klage til Statsforvaltaren innan tre veker etter at du mottok vedtaket frå Gulen kommune.