Søkje skjenkeløyve for alkohol

Endringar i løyva skjer ofte fleire gonger i løpet av løyveperioden. Dette kan skje til dømes ved skifte av styrar og avløysar for løyvet, endringar i driftskonsept og endringar i eigarforhold. Slike endringar krev ofte ny godkjenning, eventuelt nytt løyve. Løyvet fell bort ved overdraging av verksemda. Verksemda kan likevel halde fram på det tidlegare løyvet i inntil tre månader. Føresetnaden er at løyvemyndigheitene er underretta om dette og at det søkjast om nytt løyve så snart som råd og seinast innan 30 dagar etter overdraginga.

 

Vilkår

Skjenkjeløyvet kan ikkje bli gitt åleine, det må òg liggje føre eit serveringsløyve. Løyvesøkjaren og personar som har vesentleg innverknad på verksemda, må ha utvist ulasteleg vandel. For kvart løyve skal det peikast ut ein styrar med avløysar som er knytta til serveringsstaden. Styrar og avløysar må begge ha bestått kunnskapsprøva om alkohollova. Begge personane må vere over 20 år og arbeide i verksemda. Dei må oppfylle dei krava som er sette i alkohollova og serveringslova.

Ruspolitisk handlingsplan for Gulen kommune 2021-2025

Slik søkjer du om skjenkeløyve

Last ned og fyll ut felles søknadsskjema for serverings- og skjenkeløyve.

Felles søknadsskjema for serverings- og skjenkeløyve

Du kan kontakte kommunen for å få rettleiing, telefon 57 78 20 00.

Vedlegg til søknad:

  • Planteikningar over areal og funksjonar i lokalet
  • Dokumentasjon på bestått kunnskapsprøve om alkohollova
  • Dokumentasjon på bestått etablerarprøve
  • Dokumentasjon på styraren / avløysaren si tilknytting til verksemda
  • Firmaattest frå Brønnøysundregistra
  • Eventuell skatteattest
     

Saksbehandling

Når søknaden er motteken, blir det innhenta fråsegner frå politiet, sosialtenesta og skatte- og avgiftsmyndigheitene. Løyve blir tildelt etter skjønn. Behandlingstida i kommunen er utrekna til om lag tre månader.

Klagerett

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Stasforvaltaren, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

Klagen sender du

Digitalt og sikkert: eDialog, sikker innsending 

eller via e-post: postmottak@gulen.kommune.no

eller til postadresseGulen kommune
                                    Eivindvikvegen 1119
                                    5966 Eivindvik


Kva seier lova?


Sist oppdatert: 24.10.2023
Publisert: 01.08.2018