Spesialundervisning
Spesialundervisning for grunnskuleelevar
Har du eit born som ikkje har eller kan få utbytte av det ordinære opplæringstilbodet på skulen, kan han eller ho ha rett til spesialundervisning.
Slik går du fram
- Ta kontakt med skulen til barnet ditt.
- Skulen gjer sine undersøkingar og prøvar ut tiltak.
- Dersom tiltaka på skulen ikkje hjelper barnet ditt, tar skulen kontakt med PPT og ber dei om ei sakkunnig vurdering. PPT vurderer behovet for spesialundervisning, og gir råd til kva type tilbodet barnet ditt bør få. Dette kan ta inntil 90 dagar.
- Rektor gjer vedtak om spesialundervisning.
- Barnet ditt og du som føresett må samtykke.
Har du rett til hjelp?
Før kommunen avgjer om barnet ditt får spesialundervisning skal Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) vurdere kva som er best for barnet ditt.
Årsaka for å be om hjelp frå PPT kan vere mange:
- mistanke om forseinka utvikling
- språk- og kommunikasjonsvanskar
- lærevanskar
- fagvanskar
- konsentrasjonsvanskar
- åtferdsvanskar
- sosiale og emosjonelle vanskar
- funksjonshemming
Før skulen ber om ei vurdering frå PPT, skal leiinga på skulen alltid vurdere om det er mogleg å hjelpe barnet ditt innanfor det ordinære opplæringstilbodet. Skulen skal også sjå om det hjelper med tilpassa opplæring. Dersom ingen av tiltaka hjelper barnet ditt, skal skulen ta kontakt med PPT.
Klage på vedtak
Du kan klage på det endelege vedtaket til rektor på skulen. Vi har ikkje eit eige skjema for dette, så det er nok at du skriv eit brev og sender det til skulen.
Spesialundervisning for vaksne på grunnskule
Tilbod til vaksne som:
- ikkje har utbytte av det ordinære undervisningstilbodet.
- treng ekstra opplæring for å kunne utvikle eller vedlikehalde grunnleggande ferdigheiter
Slik går du fram
- Ta kontakt med vaksenopplæringa i kommunen.
- Vaksenopplæringa tar kontakt med pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) og ber om ei sakkunnig vurdering. PPT vurderer behovet for spesialundervisning, og gir råd til kva type tilbod du bør få. Dette kan ta inntil 90 dagar.
- Du har rett til å uttale deg før kommunen gjer vedtak.
- Kommunen gjer vedtak og informerer deg om konklusjonen.
Kva kostar det?
Opplæringa og undervisningsmateriellet er gratis.
Kva hjelp får du?
Du får ein individuell opplæringsplan (IOP) med:
- mål for opplæringa
- innhaldet i opplæringa
- korleis du og skulen skal gjennomføre opplæringa
Klage på vedtak
Er du ikkje nøgd med avgjerda til kommunen, kan du klage innan tre veker etter at du mottak vedtaket. Forklar kva du er ueinig i og kvifor du meiner at vi bør endre vedtaket. Treng du rettleiing for å klage, kan du be om hjelp. Dersom vi ikkje endrar vedtaket, sender vi klagen til vidare til Statsforvaltaren som avgjer om du skal få medhald eller ikkje.