Alt som kan vise fram denne flotte delen av landet vårt er av interesse, men vi håpar å få inn motiv som fangar kva folk er opptekne av: folk i kvardag og fest, barn, ungdom, gamle, arbeidsliv, kulturaktivitetar og friluftsliv. Tenk gjerne gjennom:

  • Kva er Region Nordhordland for deg?
  • Kven er ’nordhordlendingen’?
  • Kvar har vi arbeidsplassen vår?
  • Korleis er det å vekse opp her?
  • Kva gjer vi på i fritida?

Vi vil kåre ein vinnar kvar månad. Månads-premiane vert god lokalmat og vinnarbildet vil få ein viktig plass både på våre nettsider og i publikasjonar. I januar 2017 vil vi kåre ein super-vinnar som får tur til Paris som premie.

Innsendingsfrist

Siste dag i kvar månad, bortsett frå månadene januar og juli (i desse to månadene er det ingen konkurranse).

Jury

Vi har ein jury som for kvar konkurranse vil kåre vinnaren for månaden. Juryen består av:

Leiar: Kjersti Isdal, prosjektmedarbeidar i biosfæreprosjektet, illustratør
Arne Aarseth, fotograf Studio Nordhordland
Jon Askeland, ordførar i Radøy og leiar i styringsgruppa for biosfæreprosjektet

Premiering

Vi slår eit slag for mat og matopplevingar i regionen vår: kvar månad kan du vinne premie knytt til lokalmat. Premieleverandør for månaden vert presentert på nettsida vår utover året.
Hovudpremie: Vinnaren av fotokonkurransen for 2016 vinn ein tur til ParisTur for to til Paris, reise og opphald. I tillegg til dette inkluderar premien privat omvising i UNESCO-bygninga der ein mellom anna kan lære meir om biosfæreområda rundt omkring i verda og middag på ein lokalmat-restaurant i Paris.

Konkurransereglar

  • Kvar deltakar kan sende inn maksimalt 3 bilder per måned.
  • Bilda må vere i så stor oppløysing som mogeleg (minimum 1MB/800px) og i jpg-, gif- eller png-format.
  • Bilda må vere tatt i det foreslåtte Biosfæreområdet.
  • Du kan kun delta med bilder du sjølv har fotografert.
  • Det er innsendaren sitt ansvar å sørge for å få løyve til offentliggjering av eventuelt andre personar på bildet.
  • Navn på personar på bildet må vere med hvis personane kan identifiserast.
  • Personopplysningar vert lagra i samband med bilder som arkiverast i Nordhordland Utviklingsselskap IKS (NUI) sitt fotoarkiv.
  • Er det bilder av barn må føresatte samtykke på barnet sine vegne inntil barnet er 15 år.
  • NUI forbeholder seg retten til å offentliggjere innsendte bilder samt bruke bilda i NUI sine eigne kommunikasjonskanaler (magasiner, nettsider, sosiale media), i PR osv.

Send bilde til: kjersti@nordhordland.net
Kontaktperson: Kjersti Isdal (rådgjevar), Region Nordhordland, tlf: 97 12 91 93