Grunngjevinga for dette er at kommunen har helsetenester i nabokommunar, og i tillegg har stor grad av arbeidstakarar frå nabokommuner. Eit slikt vedtak ville ha ei negativ påverknad på samfunnskritiske funksjonar.

Det er likevel gjort fylgjande vedtak om karantenebestemmelsar:

Studentar som kjem heim frå utdanningsinstituasjonar  i Oslo, Bergen, Trondheim og Viken, eller kjem frå skular som vart stengt grunna smitte før allment stengepåbod, skal i heimekarantene til og med 26.03.2020. Vedtaket er fatta med heimel i smittvernlova § 4-1, 5. ledd. Vedtaket vert gjeve tilbakeverkande kraft frå og med 12. mars. 
Frå 27.03 er ikkje studentar i Gulen i karanetene, dette gjeld uansett kva dato dei kom til kommunen. 

Helsepersonell og personar med samfunnskritiske stillingar må innrette seg slik at dei unngår å bli indirekte ramma av desse retningslinene. Det betyr at ein må finne alternativ innlosjering til studenter som kjem frå områder som utløyser karantene.

Gulen kommune oppmodar generelt folk om halde seg i ro og unngå unødvendige reiser. Vi syner og til råd frå folkehelseinstituttet(www.fhi.no) der ein prøver å avgrense smitte.

Vi gjer vidare merksam på at i ekstraordinært statsråd 15. mars 2020 vedtok regjeringa ei ny forskrift om karantene, isolasjon og heimel til forbod mot opphald på fritidseigedomar.
Klikk her for meir informasjon om ny forskrift...