Me håpar å setta i gang eit prosjekt som skal digitalisere og samle lydfiler av ulike typar. Målet med prosjektet er å sikra at verdifulle lydopptak vert bevart til seinare forsking. Mange av opptaka har òg stor kulturhistorisk verdi. Me veit at mange lydopptak går tapt fordi dei er lagra på medium som har relativt kort levetid, som til dømes spoleband, kassettar, smalfilm, m.m. Mykje av materialet som vart opptatt i tiåra etter andre verdskrigen, er alt vorte «skrøpeleg» og har fått redusert lydkvalitet.

Digitaliseringsprosjektet er førebels berre i planleggingsfasa og denne kartlegginga er ein del av forarbeidet til prosjektet. Dersom prosjektet vert starta opp, vil me kontakta alle med aktuelle opptak for å gjera nærare avtalar om korleis ein går fram. Digitaliseringa vil i så fall vera ei gratis teneste, der eigarane av lydopptaka vil få originalopptaka attende i tillegg til ein digital kopi av kvart opptak.

På vegner av Språksamlingane kontaktar eg no offentlege instansar, privatpersonar, lag og organisasjonar i heile landet for å kartlegga kor stort materiale som treng digitalisering. Det eg i denne omgangen ynskjer informasjon om, er om de har slike lydfiler liggjande. Me er ute etter alle lydopptak (og filmar) av folk som snakkar norsk. Det kan til dømes vera opptak av intervju, samtalar, foredrag osv.

Vidare treng eg fylgjande informasjon:

  • Kva slags medium er det snakk om? (Kassettar? Spoleband? VHS-film? Anna?)
  • Kor stort omfang har det om lag?
  • Kva tidsperiode er opptaka frå?
  • I kva samanheng vart opptaka gjort? Er det tale om systematisk eller tilfeldig innsamling?
  • Finst det katalogar eller anna register med bakgrunnsinformasjon? (Om f.eks. personane på opptaket, om tid og stad?)

Dersom du kjem på andre i kommunen som har slike opptak liggjande, kan du gjerne tipsa meg.

Eg kan kontaktast på liv.tjelmeland@student.uib.no og tlf. 555 88 091 (kontortid 08.00-16.00).

Venleg helsing

Liv Torunn Tjelmeland
Vitskapleg assistent
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium Universitetet i Bergen