Eivindvik vassverk

Eivindvik vassverk er eit av to kommunale vassverk i Gulen kommune. Behandlingsanlegget vart tatt i bruk fyrste gong i 1993, og hentar råvatn frå Svartevatnet.
Det finnast ikkje alternativ råvasskjelde knytt til eksisterande behandlingsanlegg. Det er til saman rundt 500 personar som får vassforsyninga si frå Eivindvik vassverk

Ånneland vassverk

Ånneland vassverk er eit av to kommunale vassverk i Gulen kommune. Behandlingsanlegget er heilt nytt i i 2019, og hentar råvatn frå Myrkebotntjørna.
Det finnast ikkje alternativ råvasskjelde knytt til eksisterande behandlingsanlegg. Av totalt 270 personar som vert forsynt av anlegget utgjer fastbuande om lag 80.