Gulen kommune har fått ei særskild tildeling på kr 422 816 til næringsutviklingstiltak gjennom krisepakke 3. Midlane skal forvaltast etter «Mellombels forskrift om tilskot til kommunale næringsfond som følge av covid-19-utbrodet». Det er lagt opp til at søknader som kjem inn før 1. oktober vert behandla samla. Ordninga i Gulen vil gjelde til heile løyvinga er nytta.


Statlege føringar for ordninga:

Målgruppene er bedrifter, etablerarar og aktørar som legg til rette for og/eller gir støtte til næringsutvikling. Kommunane kan unntaksvis tildele midlar til eigne tiltak som oppfyller føremålet.
I vurderinga av søknadene skal det leggjast særleg vekt på:

  • tiltak som fremjar auka aktivitet, sysselsetting og verdiskaping basert på lokale utfordringar, behov og potensial
  • tiltak som motverkar negative verknader av covid-19-utbrotet
  • tiltak som kjem raskt i gang
     

Søknader skal sendast gjennom www.regionalforvaltning.no. Det kan berre søkjast om tilskot til tiltak som ikkje er oppstarta. Samla tilskot skal som hovudregel ikkje overstige 50 prosent av kapitalbehovet i prosjektet, og det skal aldri overstige 75 prosent. Gjeldande satsar i EØS-reglane for bagatellmessig støtte/gruppeunntaket skal følgjast, som mellom anna inneber at maksimal støttesats til fysiske investeringar i mindre verksemder er 35%.
Tilskot skal utbetalast etterskotsvis, men delutbetalingar er mogleg.
 

Ta gjerne kontakt med kommunen sitt næringsapparat Gulen og Masfjorden Utvikling AS v/Ragnhild Undertun, tlf. 901 42 025, for orientering om ordninga og eventuell hjelp i søknadsprosessen.

Formannskapet har elles vedtatt ein strategi for bruk av næringsfondet til korona-dempande tiltak i F-sak 40/20, som i nokon grad vil bli samordna med den særskilde løyvinga som følgje av Covid-19.