1.  Verksemda må ha forretningsmessig adresse og drift i Gulen kommune.
  2. Inntektsbortfall må ha samanheng med samfunnsendringar som skuldast koronasituasjonen.
  3. Verksemda må ha hatt eit inntektsbortfall på meir enn 30% samanlikna med same periode året før. For verksemder etablert etter 01.04.19 må inntektsbortfall grunngjevast gjennom budsjett og eit gjennomsnitt av inntekter i perioden januar – mars 2020.
  4. Dokumentasjon av inntektsbortfall må ligge ved søknaden i form av rekneskap for perioden ein søkjer støtte for i 2020 og tilsvarande for 2019.  (Dette må stadfestast av rekneskapsførar eller revisor.)
  5. Verksemda må ha framtidsutsikter på kort og lang sikt og må legge fram plan for når verksemda ser føre seg å komme attende til normal drift.
  6. Verksemda må falle utanfor dei nasjonale kompensasjonsordningane. Søkjar pliktar å opplyse om desse ordningane er omsøkt.
  7. Kommunen kan når som helst be om dokumentasjon som stadfestar at vilkår for tilsegn er overhalde.
  8. Ordninga blir avgjort etter følgjande modell:
     
    1. Verksemda må vere skattepliktig til Noreg.
    2. Vere registrert før 01.03.20.
    3. Dersom verksemda er organisert som ENK eller ANS/DA må hovudinntekt hentast får verksemda.
    4. Ikkje vere konkurs, insolvent eller under avvikling
    5. Ikkje ha verksemd innan næringar som ikkje er omfatta av kompensasjonsordninga.
    6. Ha betalt og oppfylt rapporteringsplikta.
       

Formannskapet i Gulen er fondsstyre og avgjer søknader til ordninga. Vedtak kan påklagast jmf Forvaltningslova kap. IV.
Ordninga vil ha tilbakeverkande kraft og gjelde frå 12.03.2020 og ut februar 2021.
Tilsegn om støtte er gyldig i to månader frå vedtektsdato.

Søknader skal sendast postmottak@gulen.kommune.no
 

*Faste uunngåelege kostnader:

Faste uunngåelege kostnader blir rekna som dei kostnadane som ikkje kan reduserast på kort sikt i takt med aktiviteten og som blir ført under:
 

  • Leige av næringslokale
  • Lys og varme
  • Renovasjon, vatn og avløp
  • Leige av maskiner, inventar, transportmidlar ol.
  • Rekneskap og revisjon
  • Elektronisk kommunikasjon, telefon, fiber mv.
  • Forsikring og avgifter på transportmiddel
  • Kontingentar med skattemessig frådrag.
  • Forsikringspremiar
  • Netto rentekostnader
  • Naudsynte kostnader til fôr, lønn og veterinær der dyrehald inngår.