Koronatiltak i kommunen

Det er no registrert covid-19 i lokalsamfunnet i Gulen, ein situasjon me forventa ville komme før eller sidan. Det er viktig å hugse på at me alle i meir eller mindre grad er eksponert for virus. Ein smittesituasjon kan difor råke oss alle. I skrivande stund har kommunen 3 innbyggarar  som er stadfesta smitta. Dei smitta er knytt til Dalsøyra skulekrets. Kommunen jobbar med smittesporing og alle nærkontaktar vil bli kontakta frå teamet kring legekontoret. Nærkontaktane må i karantene, medan dei smitta må i isolasjon.

Det er iverksett fleire andre tiltak som vil påverke element i lokalsamfunnet. Det vert vurdert fortløpande om det er behov for å iverksetje nye tiltak.  

Nærkontaktar i dei aktuelle tilfella er vurdert til å vere knytt til 1. - 4. trinn på Dalsøyra skule. Dalsøyra skule innførar heimeskule for 1. – 10. trinn til og med  02.10.2020, grunna smitte på skulen. Det er ingen smitta i barnehagen, så etter råd frå FHI, vil barnehagen halde fram som normalt.

Me må alle hjelpe kvarandre til å oppretthalde fokus på gode smittevernrutinar.

Det er viktig at alle er særskilt merksame for å unngå smitte. Unngå unødvendige reiser. Skal du treffe kjente?  - ta ein spasertur eller ein fjelltur ilag, heller enn å ha besøk innandørs.

Minner alle om at nasjonale retningsliner må fylgjast.

På dei nasjonale nettsidene www.fhi.no  og www.helsenorge.no  er det mykje god informasjon om korleis innbyggjarane skal førebygge og opptre ved smitte. Her finn de også informasjon på ulike språk.

Testkapasitet

Legekontoret har god testkapasitet, og me oppmodar innbyggjarar som har luftvegssymptom om å ta kontakt på telefon 57 78 10 90 for å få utført koronatest.

Kommunen sitt arbeid

Kommunen syter for kontinuerleg smittesporing og testing av potensielle smittetilfelle. Me har utarbeidd gode rutiner og ansvarsfordeling mellom ulike einingar. Me ser at avtaleverk og beredskapsplanar fungerer som det skal, når me no går meir aktivt inn i ein situasjon med smitte i kommunen. Kommunen har tett dialog med nasjonale myndigheiter som Fylkesmannen og Folkehelseinstituttet.
Når det er etablert eit godt system for dette arbeidet ser me at kommunen vert mindre personavhengig t.d. i ein situasjon der kommunen no bytter kommunedirektør 1. oktober.
Kommunen har no jamnlege møter i kriseleiinga ilag med smittevernlege. Me held fokus og arbeider kvar dag for at innbyggjarane i minst mogleg grad skal verte påverka av den koronasituasjonen me no befinn oss i.
 

Irene Søreide
Påtroppande kommunedirektør

Reidun K. Halland
Avtroppande kommunedirektør