Status smitte og smittetiltak

Status pr no er framleis at me har ingen kjende stadfesta smitta, men me har nokre innbyggarar i forkjølelses- / reisekarantene. Dei aller fleste helsepersonell med negativt prøvesvar er tilbake i arbeid.

At smitten enno ikkje er påvist i Gulen er me særs glade for. Det har gjeve oss betre tid til å førebu oss på den situasjonen som oppstår når smitten kjem. For me må rekne med at smitten også kjem til oss. Smitten er no påvist i fleire av kommunane rundt oss.

Gulen kommune oppfattar at innbyggarane tek smittevern på alvor. Det er gode tiltak på butikkane våre og me ser at folk tek ansvar med å halde seg mest mogleg i ro i heimen / i bygda. Det er ikkje tvil om at redusert reiseaktivitet og god smittehygiene så langt har vore gode tiltak i Gulen kommune.
Gje dykk sjølv eit klapp på skuldra, folkens! Men godt arbeid så langt betyr ikkje at me kan slappe av.
Me må minne kvarandre på at alle tiltak me no gjer er for å verne om dei eldre og dei alvorleg sjuke i Gulen. Me har familiar som no har det ekstra utfordrande med alvorleg sjukdom og stor potensiell smitteeksponering. Me sender varme tankar til desse familiane! 

Me vil viser til Folkehelseinstituttet sin artikkel «Litt, mye eller helt avstand? Ny figur om å holde avstand for å bremse covid-19». Trykk på lenka for meir informasjon: https://www.fhi.no/sv/smittsomme-sykdommer/corona/meldinger/ny-figur-om-a-holde-avstand-for-a-bremse-covid-19/

Kommunen ynskjer ikkje å stenge ballbingar eller fotballbaner. Me vil likevel på det sterkaste oppmode om at de fylgjer nasjonale råd ved bruk av anlegga til eigentrening. Maks tre personar samstundes i fotballbingar. Foreldre må ta ansvar for at bruken vert på denne måten. Dagsturhytta vår Gulakvila vert ikkje fysisk låst, men ber om at de berre tek turen forbi og ikkje brukar hytta i desse dagar.

Gulen kommune innførte tidleg i prosessen 14 dagars karantene for studentar som kom heim frå utdanningsinstitusjonar i Oslo, Bergen, Trondheim og Viken, eller som kom heim frå skular som vart stengt grunna smitte før allment stengepåbod.  Karantene vert oppheva frå og med 27. mars, sjølv om ein student som kom heim t.d. 20. mars ikkje har vore i karantene i kommunen i 14 dagar. Smittevernlegen vurderer det slik at behovet for karantene for studentar opphøyrer, då det den 27.03 er 14 dagar sidan skular stengde.

Avdelinga i tredje etasje på Gulen sjukeheim vert no klargjort til å innlosjere smitta eldre. Avdelinga eignar seg godt til føremålet, då den på ein enkel måte kan stengast av frå resten av sjukeheimen. Avdelinga har eigen inngang.


Vidareføring av stengde skular og barnehagar

Regjeringa bestemte i dag at barnehagar og skular skal vere stengt til over påske t.o.m 13. april.


Status kontakt med næringslivet i Gulen

Koronasituasjonen påverkar også bedriftene våre på ein negativ måte.

Situasjonen er litt ulik frå bransje til bransje, nokon produserer tilnærma som normalt, medan andre har stengt ned og permitterer dei fleste tilsette.

Det me ser er at det er dei små bedriftene våre som slit mest. Då særleg dei innafor turisme og reiseliv, der det kan sjå ut som om store deler av inntektsgrunnlaget for denne sesongen vert borte. Dette er svært alvorleg for dei det gjeld, og for heile kommunen. Det dreiar seg no om å komme over denne kneika, og at arbeidsplassane er der når dette ein gong er over.

Gulen og Masfjorden Utvikling er næringsapparatet til kommunane Gulen og Masfjorden, og leiar Ragnhild Undertun vil halde kontakten med bedriftene våre, og så må me i fellesskap prøve å tilpasse oss den situasjonen me er i, og håpe at den ikkje varer for lenge.


Betaling av brukarbetaling eller kommunale avgifter

Me veit at mange både bedrifter og privatpersonar er i ein vanskeleg situasjon grunna koronasituasjonen. Kommunen vil prøve å hjelpe så godt me kan. Dersom nokon treng utsett betalingsfrist / betalingsavtale på brukarbetaling eller kommunale avgifter i denne perioden, så ta kontakt med kommunen så finn me ei løysing.


Bruk av fritidseigedomar
Regjeringa har innført forbod mot å overnatte på fritidseigedom utanfor eigen kommune.

Kommunen kan ikkje gje dispensasjon frå forbodet. Kva unnatak som gjeld kjem tydeleg fram i forskrifta.
Trykk på lenka for ny forskrift om karantene, isolasjon og forbud mot opphold på fritidseieiendommer mv. i anledning utbrudd av Covid-19 (lovdata).

Me skjønar godt at hytteeigarar vert uroa i ein situasjon der me høyrer om innbrot på hytter i området. Gulen kommune vil oppmode innbyggarar til å halde eit ekstra auge med hyttene i nabolaget. Det same gjeld tilsyn med båtar. Når du skal avgarde for å sjå til eigen båt, sjå over hytteigarane sine båtar også.


Kriseleiing
Deler av kriseleiinga sit no på heimekontor. Dette for å hindre at alle må i karantene dersom ein av oss vert sjuk. Me gjennomfører likevel faste statusmøter kvar dag. Telefon/videomøte fungerer greitt, med dei rette dataverktøya løyser me oppgåvene nesten like greitt som før.

Akkurat no arbeider me med å kartlegge korleis me skal kunne handtere «worst case» situasjonar som nasjonale myndigheiter skisserer. Av og til kan det vere greitt å vere ein liten og grisgrendt kommune J Me har oversiktelege tenester og grender. Med god dialog mellom kommune, næringsliv, innbyggarar og tilsette så løyser me det meste. Livet må gå sin gang også i ein koronasituasjon, så kommuneadministrasjonen jobbar innimellom med å fylgje opp andre saker. 


Politiske møter

Det vert eit formannskapsmøte før påske. Dato vert fastsett ein av dei næraste dagane. Planen vidare er at hovudutvalsmøta i siste del av april og kommunestyremøtet i starten på mai vert gjennomført. Truleg som telefon/videomøte.


Informasjon til publikum

Minner om oppmoding til å spreie kommunal informasjon. Hugs dei eldre som ikkje nyttar internett.
De finn oppdatert informasjon på heimesida, og kan evt sende e-post til postmottak@gulen.kommune.no dersom det er behov for ytterlegare avklaringar. Kriseleiinga jobbar kontinuerleg, og ny informasjon går ut med ein gang den er klar.

På dei nasjonale nettsidene www.fhi.no og www.helsenorge.no er det mykje god informasjon om korleis innbyggarane skal førebygge og opptre ved smitte. Her finn de også informasjon på ulike språk.


Situasjonen for tilsette
Me opplever at tilsette står på og strekker seg langt i ein ny og uvant kvardag. Sjølv om me ikkje har smittetilfeller så har me grunna reisekarantene og nye retningslinjer knytt til tidlegsymptom redusert kapasitet på bemanningssida innan pleie og omsorg. Dei første tilsette er flytta over frå oppvekstsektoren til omsorgssektoren. Me driv kontinuerleg kartlegging av status i alle einingar for å vere klar til å frigjere nytt personell som ved behov kan gå over til pleie og omsorg.

 

Reidun K. Halland
‚ÄčKommunedirektør