Status smitte og smittetiltak

Status er framleis at me har ingen kjende stadfesta smitta, men me har nokre innbyggarar i forkjølelseskarantene. Så langt er i underkant av 50 personar testa.

Mange vil oppleve ei annleis påske i år. Kommunen vil ikkje gå ut og råda folk ifrå å få besøk av nær familie i påska. Me vil likevel minne alle på at det er eit nasjonalt råd om å reise minst mogleg.  Hugs at alle tiltak me no gjer er for å verne om dei eldre og dei alvorleg sjuke i Gulen.

Me må halde fokus på gode smittevernrutinar også i tida som kjem.


Bruk av fritidseigedomar

Regjeringa har som kjent innført forbod mot å overnatte på fritidseigedom i annan kommune enn den ein er folkeregistrert i. Regjeringen har i dag beslutta at forbodet vert oppheva frå 20. april. Det vil ikkje lenger vere straffbart å overnatte på hytta, men det er fortsatt ei nasjonal tilråding å unngå fritidsreiser.

Mange hytteeigarar lurar på om dei no under forbodet kan ta seg nokre dagar på hytta for å gjere diverse vedlikehaldsoppgåver. Me i kommunen kan ikkje sei ja eller nei til dette då det er politiet som handhever forskrifta. Men me kan rettleie folk i korleis ein skal tolke regleverket.

Det er nokre unnatak frå forskrifta som innber at folk kan ha gyldig løyve til å opphalde seg på ei hytte. Det gjeld t.d. eit unnatak for dei som er i karantene fordi dei bur med ein som er bekrefta smitta av koronaviruset. Den smitta personen skal bli i heimkommunen, men dei som bur saman med ein som har bekrefta smitte kan opphalde seg på hytta si i den perioden den smitta personen er i isolasjon.

Eit anna unnatak gjeld strengt naudsynt vedlikehald eller tilsyn for å hindre store materielle skadar. Då er me på akutte situasjoner som må utbetrast t.d. tak som må måkast fordi taket ikkje tåler belastninga av mykje snø. Me oppfattar ikkje at vanleg vedlikehald gjev unnatak frå forbodet. Vanleg vedlikehald kan utsettast til etter at forbodet er oppheva.

I tillegg vert ein del hytter nytta som pendlarbustader. Det kan vere folk som på fast basis har arbeidsplassen sin i Gulen og som brukar hytta si som pendlarbustad, eller det kan vere eit firma som er inne i kommunen og skal gjere ein jobb og som har leigd ei hytte som midlertidig pendlarbustad. Desse tilfella er også unnateke forbodet.

Kommunen mottek dagleg mange henvendingar om korleis regelverket skal tolkast. Forskrifta er satt av regjeringa og kommunen har ikkje moglegheit til å gje dispensasjon. Brot på forskrifta straffast normalt med kr 15 000 i bot.

Me oppfattar at lokalbefolkninga er engasjert i spørsmålet om bruk av hytter. Me mottek telefonar og meldingar om at folk observerer bruk av hytter rundt omkring i kommunen. Men som de skjønar så kan vedkommande som oppheld seg i ei hytta ha gode grunnar til å gjere det. Så me som innbyggarar må passe oss litt for å ikkje verte for mistenksame dersom me ser lys i ei hytte. Me oppfattar at dei aller fleste av dei som har hytta si i Gulen respekterer forbodet som er gjeve, så intensjonen med forbodet er langt på veg ivareteke.

Elles mottek me også ein del henvendingar kring båttur eller bubiltur til Gulen. Under normale omstende ville me ha sett på det som veldig kjekt at dei ynskjer å legge påsketuren til Gulen. Men slik situasjonen er no er det ei nasjonal oppmoding om at alle skal halde seg heime i påska. I Gulen har me så langt ingen stadfesta smitta, og me ynskjer å halde det slik så lenge me kan.

 

Karantene for utanlandsk arbeidskraft

Kommunen har motte ein del henvendingar som gjeld utanlandsk arbeidskraft og korleis reglar er rundt karantene.

Det er innført ei eiga forskrift som regulerer dette med karantene og utanlandsk arbeidskraft. Forskrifta seier:

«§ 5. Karanteneplikt ved ankomst til Norge. Personer som ankommer Norge, skal oppholde seg i karantene i 14 dager etter ankomst til Norge. En person i karantene skal oppholde seg i eget hjem eller på annet egnet oppholdssted. Personen kan bare oppholde seg utenfor hjemmet eller oppholdsstedet hvis nærkontakt med andre enn de personene som vedkommende bor sammen med, unngås.»

«§ 6. Unntak fra karanteneplikt for personer som ankommer Norge. Personer som krysser grensen mellom Sverige og Norge eller Finland og Norge er unntatt fra karanteneplikt etter § 5 i den tiden de er under reise mellom bolig og arbeidssted og i den tiden de er i arbeid. Personer som er strengt nødvendige for å kunne opprettholde forsvarlig drift av kritiske samfunnsfunksjoner eller ivareta befolkningens grunnleggende behov, herunder personer som gjennomfører vare- og passasjertransport, er unntatt fra karanteneplikt etter § 5 i den tiden de er under reise mellom bolig og arbeidssted og i den tiden de er i arbeid. Bruk av unntaket skal avklares med virksomhetsledelsen. Personer som er omfattet av unntaket i første og andre ledd, skal så langt som mulig unngå nærkontakt med andre personer, jf. § 3.»

Som me kan lese av forskrifta er det ikkje forbod mot å arbeide medan ein er i karantene, men det er ein del førehandsreglar som skal gjelde. Vurderinga som leiinga av ei verksemd skal gjere er om personar som oppheld seg utenfor heim eller opphaldsplass kan gjere dette utan «nærkontakt med andre personar».

Kommunen er i dialog med verksemdene og politiet om handheving av regelverket rundt karantene.

Det er politiet som er sett til å drive kontroll av om reglane blir følgde.

 

Skular og barnehagar opnar

Regjeringa har i dag vedteke at frå 20. april opnar alle barnehagar. Frå 27. april skal elevar i 1. til 4. klasse tilbake på skulen. Regjeringa har ein ambisjon om at alle elevar skal tilbake på skulen på ein eller annan måte før sommaren.

Me er inne i ei veldig spesiell tid med skulestenging og strenge restriksjonar kring kontakt med andre. Om du skulle vere bekymra for at eit born eller ein familie ikkje har det bra, og du er usikker på om dei kan vente på hjelp til barnevernet er tilgjengelege på telefon i ordinær kontortid, ring då barnevernet v/ Jane Hesjedal
mob 99 79 21 09, eller Kristin Midtgård mob 95 03 85 27. Ved behov for øyeblikkeleg hjelp, ring politiet på 112.

Tilsette i Gulen og Masfjorden barnevernteneste er tilgjengelege på telefon kvar ordinære arbeidsdag, kl 09:00 - 15:00. Treng du støtte og råd i samband med eigne born, kontakt oss på tlf 57 78 20 60.

Minner også om at alle med behov for å snakke med nokon om born og unge ein er bekymra for, kan kontakte Alarmtelefonen som no også er døgnopen og kan kontaktast via sms. Her kan ein også ringe om ein sjølv har det tungt og treng nokon å snakke med.

Alarmtelefonen tlf 116 111, sms til 417 16 111

 

Kriseleiing

Me er no i gang med fjerde veka med kriseleiing. Det er ein underleg situasjon å leie kommunen i ein krisesituasjon over så lang tid når smitta og pandemien faktisk ikkje har kome til Gulen endå.

Men konsekvensane av pandemien merkar me. Me vil oppleve at krisa påverkar oss på mange måtar. Den einskilde innbyggar og bedrift kan oppleve permitteringar og sviktande økonomi, karanteneordningar påverkar oss, stengde eller reduserte tenestetilbod osb.

Som kommune forheld me oss til og følger dei nasjonale råd, påbod, forbod og oppmodingar som kjem frå nasjonalt nivå. Me bygger opp lager av smittevernutstyr, jobbar med å sjå føre oss ulike smittescenario, lagar nye rutiner, har kontakt med næringsliv og enkeltinnbyggarar og me deltek i beredskapsmøter med Fylkesmannen.

Me held oss oppdatert på all informasjon som kjem frå nasjonalt hald, og me prøver så godt me kan å halde dykk innbyggarar orientert om status i kommunen og korleis me som innbyggarar skal innretta liva våre i ein sårbar situasjon.

Når dagane i hovudsak går med til førebygging og planlegging i ein pandemisk situasjon vil kommuneleiinga sin ordinære produksjon verte påverka. Det vil me m.a. sjå igjen i forseinkingar i saker til politisk handsaming og sviktande framdrift i prosjekt. Dei økonomiske verknadane for kommunen er ikkje avklart, men me ventar at situasjonen vil føre med seg t.d. svikt i skatteinntekter og meirutgifter i samband med auka sjukefråvær og meir bruk av overtid.


Informasjon til publikum

Oppmoder alle til å spreie kommunal informasjon. Hugs dei eldre som ikkje nyttar internett.
De finn oppdatert informasjon på heimesida, og kan evt sende e-post til postmottak@gulen.kommune.no dersom det er behov for ytterlegare avklaringar.

På dei nasjonale nettsidene www.fhi.no  og www.helsenorge.no  er det mykje god informasjon om korleis innbyggarane skal førebygge og opptre ved smitte. Her finn de også informasjon på ulike språk.


God påske til alle!

Reidun K. Halland
​Kommunedirektør