Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Kunngjeringar

Kommunalt næringsfond som følgje av Covid-19 – midlane er fordelte

Gulen kommune fekk ei særskild tildeling på kr 422 816 til næringsutviklingstiltak gjennom krisepakke 3. Midlane skulle fordelast til nye tiltak som ville fremje auka aktivitet, sysselsetting og verdiskaping basert på lokale utfordringar, behov og potensial, og som ville kunne motverke negative verknader av covid-19-utbrotet og startast opp raskt.

 

Logo NGIR

Høyring av ny forskrift om innsamling og handsaming av hushaldsavfall (renovasjon) for NGIR-området

Høyringsfrist: 10. januar 2021

Nordhordland og Gulen Interkommunale Renovasjonsselskap IKS (NGIR) står føre oppsamling, innsamling, transport og handsaming av husholdningsavfall i kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen og Solund.

Med heimel i Forurensingslova § 30, vedtok samtlege deltakarkommunar i NGIR ei felles lokal forskrift for innsamling mv. av husholdningsavfall (forbruksavfall) – FOR-2000-10-05-1706.

Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk