Løyvemyndigheita skal halde prøven innan to månader etter at ho har motteke melding om at du ønskjer å avleggje prøven. Personar som har tilknytting til ei verksemd med statleg skjenkjeløyve (skip, tog, fly, befalsmesser i forsvaret), kontaktar Fylkesmannen.
Kunnskapsprøven i alkohollova er ein fleirvalsprøve med eit tilfeldig uttrekk av spørsmål frå ein database. Kunnskapsprøva er elektronisk og du vil få 60 minutt til å svare på prøven. For å ha stått i prøven må 24 av 30 svar vere rette.
Ta med gyldig legitimasjon.