Søknad

Du må søkje om å få dele landbrukseigedommen. Søknaden sender du til kommunen der eigedommen ligg. Gjer greie for eigedommen og plasseringa til det arealet du søkjer om å dele av.

Gebyr

For kommunen sine teneste skal det betalast gebyr i samsvar med satsane og retningslinjene i gebyrregulativet. Gebyrkravet skal rettast mot tiltakshavar, rekvirent eller den som har bede om å få utført aktuelt arbeid. Saksgebyr skal betalast sjølv om søknaden skulle bli avslegen.
Klikk her for gebyrregulativet til Gulen kommune...

Saksbehandling

Kommunen skal innhente dei opplysningene som er naudsynte for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak.

Kommunen skal behandle saka så raskt som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om grunnen til det med opplysning om når ein meiner at vedtaket blir gjort.

Klagerett

Du kan klage dersom du er misnøgd med vedtaket. Fristen er tre veker frå vedtaket er motteke. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Opprettheld kommunen avgjerda si, blir saka send vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.