Innsyn i saker

Her kan du få innsyn i saker og aktivitet i kommunen:

Meir informasjon om postsystemet

Om å sende post til Gulen kommune

Gulen kommune har eit mål om at vi skal vera "gjennomsiktige", slik at alle kan sjå kva som skjer i kommunen. Samstundes handsamar kommunen mykje informasjon som er underlagt teieplikt.  

Alle arkivverdige dokument vil bli vurderte med tanke på offentleggjering. Dette gjeld både brev og e-post til og frå kommunen, samt ei rekkje "interne dokument". Gulen kommune behandlar e-post og brevpost på same måte når det gjeld sakshandsaming

For nærare informasjon om reglane som gjeld for offentleggjering og teieplikt, sjå "Rettleiar til offentleglova". 

Her finn du lenker til offentleglova og forvaltningslova og arkivlova som regulerer journalføringsplikt.

Nærare om elektronisk kommunikasjon med kommunen:

  • E-post til kommunen bør innehalde fullt namn, men ikkje andre personopplysningar som til dømes fødselsnummer eller personnummer, jf. personopplysningsloven.
  • NB: Send aldri sensitiv informasjon per e-post, til dømes opplysningar om helsetilhøve eller diagnosar, jf. personopplysningsloven.
  • Vi har nokre elektroniske skjema på heimesida. Det er trygt å sende opplysningar til kommunen på denne måten. Der det ikkje finst eit elektronisk skjema, må du skrive ut skjemaet på papir, signere det og sende det til kommunen. 
  • eDialog kan nyttast for å sende sensitiv informasjon til kommunen. Trykk på denne lenka for å sende oss post via eDialog 
Innsynsrett i offentlege dokument og journalar

Du har rett til å krevje innsyn i offentlege dokument. Alle saksdokument i kommunen er offentlege, om det ikkje er gjort unnatak som er heimla i lov. Kommunen skal likevel vurdere om dokument som ikkje er offentlege, heilt eller delvis kan gjerast kjende (meirinnsyn). 

Kva inneheld den offentlege postjournalen? 

Ein offentleg postjournal er ei liste over inngåande post, utgåande post og interne notat. Her finn du oversikt over saksmapper og dokument, namnet på avsendar eller mottakar av dokumentet. Når du har funne fram til eit dokument du som du vil tinge, kan du krevje innsyn skriftleg eller munnleg. Den offentlege postjournalen/postlista til Gulen kommune syner berre dokument som vert registrert i vårt felles sak- og arkivsystem. Dette gjeld saksbehandling og dokumentasjon innan sentraladministrasjonen, einingane plan, landbruk og teknisk, eigedomsforvaltning, saksarkiv barnevern og eining helse. Dokumentasjon knytt til enkelte personar/tenester som er underlagt teieplikt vert registrert i andre arkivdelar og vert dermed ikkje synt på postlista. For sentraladministrasjonen gjeld dette arkivdelane personal, elev og barnehage. Pleie og omsorg og barnevern har eigne fagsystem for behandling av opplysningar knytt til enkeltpersonar, og desse systema er ikkje kopla mot den offentlege postjournalen til kommunen. 

Sakshandsamingstid for innsyn

Krav om innsyn skal avgjerast så raskt som mogleg. Det vil normalt gå ein til tre arbeidsdagar. Dersom du ikkje har fått svar innan fem dagar, er det å sjå på som avslag, og du kan rette ei skriftleg klage til kommunen.

Høve til å klage

Dersom ditt krav om innsyn blir avslått, skal kommunen syne til den paragrafen som er grunnlaget for avslaget. Kommunen skal også opplyse om høve til å klage og klagefristen. Alle avslag skal innehalde ei grunngjeving.

Dersom kommunen held fast på vedtaket om avslag, kan dette klagast inn for Statsforvaltaren. Statsforvaltaren er klageinstans, men klagen skal sendast til kommunen. Klagen skal avgjerast så snart som mogleg.

I samband med handsaming av klagen kan Statsforvaltaren også bestemme at dokumentet skal gjerast kjend - heilt eller delvis etter regelen om meirinnsyn.

Tenk på følgjande før du sender brev eller e-post til oss:

Hugs at all post du sender til kommunen, kan bli lagt ut på offentleg postjournal - om han ikkje er underlagt teieplikta. Det betyr at du kan finne att brevet eller e-posten din i journalen, og risikere at innhaldet vert omtalt i media.

Arkiv/dokumentsenter 

Gulen kommune har felles sentralt postmottak/dokumentsenter og arkiv for alle tenesteområde med unntak av NAV, legekontor og helsestasjon. 

Kva gjer vi?

Ekspedisjonsavdelinga jobbar fortløpande med mottak, kontroll og bevaring av arkivverdig dokumentasjon i Gulen kommune, både det som kjem inn i papir og det som kjem inn via digitale kanalar. Vi har også ansvar for å publisere postliste, og bistå ved førespurnad om innsyn. 

Innsyn

Gulen kommune har fulltekstpublisering.

Trykk her for postliste og innsyn

Kontaktinformasjon

Ekspedisjonen, telefon: 57 78 20 00
E-post: postmottak@gulen.kommune.no


Sist oppdatert: 26.04.2022
Publisert: 05.10.2018