Kven som kan bli valt går fram av domstolsloven § 70;

  • ha tilstrekkelege norskkunnskapar, og elles vere personleg eigna til oppgåva
  • vere over 21 år og under 70 år, når valperioden startar
  • ikkje vere frådømt stemmeretten i offentlege saker,
  • ikkje vere under offentleg gjeldsforhandling​ eller konkursbehandling​ eller i konkurskarantene,
  • bu i kommunen på valdagen, og vere statsborger​ i Norge eller eit anna nordisk land, eller ha budd i kommunen siste tre år før valdagen

Kommunen pliktar å leggje til rette for at valet skal spegle befolkninga i kommunen.

Meir informasjon finn du på https://www.domstol.no/meddommere/praktiske-forhold/

Vi håpar du er interessert. Du melder deg for val ved å sende inn dette skjemaet PDF document ODT document . For deg som er meddommar i perioden 2017-2020 og ynskjer attval, ber vi deg fylle ut same skjema.

Frist for å melde seg for val er 01.03.2020.