For å få til utbygging av alle dei omsøkte områda i Gulen (sjå illustrasjonskart) ser det ut til at kommunestyret må løyve meir enn det som ligg i budsjetta no. Dette vert avklart når vi har fått skriv frå fylkeskommunen om løyvinga.

Det vert denne gongen lagt opp til at fylkeskommunen lyser ut felles anbod for alle utbyggingsområda, truleg i starten av 2020. Utbyggingsprosjekt tek til vanleg opp til to år å gjennomføre.

Det vil framleis mangle litt på full breibandsdekning til alle husstandar i Gulen om heile det omsøkte prosjektet vert gjennomført, men vi satsar på at vi får mykje høgfarts breiband for midlane som vert stilte til disposisjon!

Klikk her for å sjå kart over prioteringsområde av prosjekt til nasjonal tilskotsordning for utbygging av breiband 2019