Hvis du er bekymra for om eit barn får god nok omsorg, bør du melde frå til barnevernet. 
 
Du treng ikkje vere sikker på at noko er galt før du melder frå. Når du har sagt frå, er det barnevernet sin jobb å vurdere korleis meldinga skal følgjast opp. Dei aller fleste som får hjelp av barnevernet, får hjelpa heime. Omsorgsovertaking skjer berre i dei mest alvorlege tilfella.
 
Slik melder du frå
 
Vi tilrår at du brukar det digitale skjemaet for sikker og effektiv innmelding til barnevernstenesta. Dersom du ikkje kan bruke det digitale skjemaet eller viss du vil vere anonym ovanfor barnevernet, kan du laste ned eit meldingsskjema (Word) PDF document ODT document som du fyller ut og sender til barnevernstenesta i kommunen. NB: Dette skjemaet må sendast i posten og ikkje via e-post.