Miljøplan skal føre til meir miljøvennleg jordbruksproduksjon og til at positive miljøeffektar av jordbruksdrift blir haldne vedlike eller blir auka.
Forskrift om miljøplan gjeld for alle føretak som mottek produksjonstilskot i jordbruket. Manglande eller mangelfull miljøplan fører til reduksjon i utbetaling av produksjonstilskot ut frå arealstorleiken til føretaket.
Dokumentasjon knytt til miljøplanen skal oppbevarast på føretaket og vere tilgjengeleg for kontroll i 10 år etter planårets slutt.
Klikk her for meir informasjon om miljøplan trinn 1 og trinn 2...
Skjema
Klikk her for informasjon om skjema og sjekkliste...
Kommunen kan hjelpe deg med å skaffe kart og generell informasjon om miljøplanarbeidet. Du kan også få opplysningar om miljøverdiar og miljøutfordringar som gjeld i det aktuelle området.
Klagerett
Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp hva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klag blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir halde ved lag, vil saka bli sendt til Fylkesmannen.