Føremål

Formålet med tilskotsordninga er å motverke fattigdomsutfordringar blant born og ungdom. Tilskotsordninga skal vere eit verkemiddel for å betre sjansane for at fleire barn og ungdom skal få delta på viktige sosiale arenaer, som ferie- og fritidsaktivitetar uavhengig av foreldra si inntekt og sosiale situasjon.

Målgruppe

Born og ungdom og familiar berørt av fattigdomsutfordringar, når tiltaket rettar seg mot kultur, fritids- og ferieaktivitetar.

Kven kan søkje?

Offentlege instansar, private aktørar og frivillige organisasjonar kan søke om midlar. Søknadane skal sendast til dei respektive kommunane tiltaka høyrer heime under.

Kor søkjer vi og når er søknadsfristen?

Alle søknadar skal sendast Bufdir via Altinn innan fristen 02.12.2016.
Lenke til søknadsskjema finner du på Bufdir sine nettsider.

Gulen kommune mottek innkomne søknadar samla frå Bufdir, gjer ei administrativ og politisk vurdering og prioritering av alle innkomne søknadar på grunnlag av kommunen sine konkrete mål for barne- og ungdomsarbeidet og på bakgrunn av definerte levekårsutfordringar.
Bufdir har som mål om å være klar med fordelinga av fattigdomsmidlane i slutten av mars 2017.

Sjå Bufdir si nettside for meir info, regelverk, veiledar og lenke til søknadskjema i Altinn.

Kontaktperson for Gulen kommune er Vivian Våge, e-post; vivian.vage@gulen.kommune.no