No vil vi legge til rette for at alle som oppheld seg i Gulen kommune set seg inn i dei nye nasjonale tiltaka.
Trykk her for meir informasjon om tiltaka.

Frå kommunen si side ber vi dykk vere særleg merksame på fylgjande punkt:

  • Unngå innanlandsreiser som ikkje er nødvendige. Arbeidsreiser som blir vurderte som nødvendige og reiser til fritidseigedommar som kan gjennomførast utan kontakt med andre er unnatekne. Gulen kommune ber tilreisande til kommunen om å handle før dei kjem til kommunen.
  • ​Tilråding om at alle i dei kommande vekene i størst mogleg grad må halde seg heime og avgrense sosial kontakt med andre menneske. I private heimar, hagar eller hytter bør ein ikkje ha meir enn fem gjestar i tillegg til husstandsmedlemmer. Dersom alle gjestane er frå same husstand, kan ein vere fleire. To familiar kan møtast sjølv om dei har mange barn. Avgrensinga om at ein ikkje bør ha fleire enn fem gjester, gjeld ikkje for barnehage- eller barneskulekohortar.
  • Unge og vaksne som har vore saman med venner og i andre situasjonar der det ikkje har vore ein meters avstand, bør halde to meters avstand til folk i risikogruppa.
  • Grense på inntil 20 personar på private samkomer på offentlege stader og i leigde lokale. For andre typar innandørs arrangement er grensa 50 personar når det ikkje er fastmonterte sete. 
  • Hald minst ein meters avstand på kollektivtransport. Bruk munnbind på all kollektivtransport og elles der ein er redd ein ikkje kan halde ein meters grensa.

Bergen kommune har i dag innført strengare påbod enn dei nasjonale retningslinene. Gulen kommune vil vurdere nokre av desse tiltaka, og kjem med meir informasjon ikkje seinare enn måndag.

 

Follow this link to find information about the cononavirus in other languages.