NAV Fensfjorden har oppretta ein vakttelefon for søknad om sosialhjelp: Telefon 413 97 364.
Den er betjent frå kl 0830 – 1430.

Koronavirus - kva gjeld i min situasjon?

Trykk på lenka for meir informasjon: https://www.nav.no/person/koronaveiviser/

Viktig informasjon frå NAV til deg som arbeidsgjevar

NAV Fensfjorden er eit felles NAV kontor for kommunane Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden og Modalen. Hovudkontoret ligg på Hosteland i Masfjorden. NAV har også opningsdagar på kommunehuset i Austrheim, Fedje, Gulen og Modalen.
Opningstider ved NAV Fensfjorden:

  • Austrheim kl. 10 – 1400 torsdag
    Sætremarka 2, 5943 Austrheim
     
  • Fedje kl. 09 – 1230 tirsdag i partallsveker
    Stormarkvegen 49, 5947 Fedje
     
  • Gulen kl. 10 – 1400 tirsdag
    Eivindvikvegen 1119, 5966 Eivindvik
     
  • Masfjorden kl. 10 – 1400 tirsdag
    Fensfjordvegen 617, 5986 Hosteland
     
  • Modalen kl. 10 – 1400 torsdag i partallsveker
    Mo 3, 5732 Modalen

Du kan gjere avtale med oss utanom desse opningstidene, ring oss på 55 55 33 33 eller skriv til oss via www.nav.no.

www.nav.no er ope heile døgnet!

Økonomisk sosialhjelp

Om ein kjem opp i ein situasjon der ein treng økonomisk hjelp, kan det vere at ein har rett på økonomiske ytingar frå det offentlege.
Det kan vere:

  • Økonomisk yting frå kommunen
  • Råd og rettleiing, eller hjelp i form av bustønad til høge bu-utgifter

Søknaden må dokumenterast. I søknadsskjemaet finn du informasjon om kva dokumentasjon NAV treng for å handsame søknaden din.
Klikk her for søknadsskjema økonomisk sosialhjelp..

Søknad om økonomisk sosialhjelp sendast/leverast til NAV Fensfjorden.
Postadresse: Postboks 14, 5987 Hosteland

Du kan også søkje om økonomisk sosialhjelp digitalt. Klikk her for meir informasjon...

Gjeldsrådgjeving

NAV Fensfjorden tilbyr økonomisk rådgjeving til dei som har betalingsvanskar eller gjeldsproblem. Rådgjevinga kan innebere hjelp med å sette opp budsjett eller bistå deg i gjeldssaker overfor kreditorar.

Du kan bestille time hjå gjeldsrådgjevar. Dette tilbodet er gratis. Ta kontakt med NAV på telefon 55 55 33 33 eller send beskjed via ditt NAV på www.nav.no .

https://www.nav.no/no/person/flere-tema/sosiale-tjenester/okonomisk-radgivning-og-gjeldsradgivning/okonomisk-radgivning-og-gjeldsradgivning

Du kan få råd og rettleiing ved å ringe den landsdekkjande telefonen 800 45 353 for økonomisk rådgjeving, eller du kan chatte med NAV om spørsmål knytta til budsjett, økonomi og gjeldsrådgjeving.

Chat med NAV gjeldsrådgjeving
https://www.nav.no/person/kontakt-oss/chat/okonomi

Klikk her for søknad om økonomisk gjeldsrådgjeving (Link til søknadsskjema kjem snart)

Mellombels bustad

NAV skal hjelpe deg med å finne eit mellombels butilbod viss du heilt akutt ikkje har ein stad å sove og opphalde deg neste døgn. Vi rår deg til å ta kontakt med NAV Fensfjorden dersom dette gjeld deg.

Meir informasjon kan du lese ved å klikk på linken under:
https://www.nav.no/no/person/flere-tema/sosiale-tjenester/bolig/midlertidig-botilbud

Kvalifiseringsprogrammet

Kvalifiseringsprogrammet er for deg mellom 18-67 år som ynskjer å jobbe, men treng oppfølging for å klare det.

For å ha rett til kvalifiseringsprogram, må NAV vurdere behova dine og om programmet vil føre til at du lettare kan kome i arbeid.

Du må

  • vere i yrkesaktiv alder og ha vesentleg nedsett arbeids- og inntektsevne
  • ha behov for tett oppfylging
  • ha ingen eller svært avgrensa ytingar frå NAV
  • ha gjennomgått ei arbeidsevnevurdering
  • ha lovleg opphald og fast bustad i Noreg

For meir informasjon kan du lese her https://www.nav.no/no/person/flere-tema/sosiale-tjenester/kvalifiseringsprogrammet , eller ta kontakt med NAV Fensfjorden på telefon 55 55 33 33.

På heimesida til NAV https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger finn du informasjon om ledige stillingar, vegvisar til informasjon som er tilpassa deg og din situasjon. Her finn du og informasjon om søknad og søknadsskjema, CV og intervju.

Opplysning, råd og rettleiing

Du har rett til å få opplysning, råd og rettleiing frå NAV som kan bidra til å løyse eller førebygge sosiale problem.

All informasjon om opplysning, råd og rettleiing finn du ved å klikk på linken: https://www.nav.no/no/person/flere-tema/sosiale-tjenester/generelle-rad-og-veiledning