Tid for alle møta er kl 17.00- ca 20.00. Kaffi og ein matbit frå kl 16.30.

Fellesnemnda sitt arbeidsutval (FN-AU) førebur no nye Vestland fylkeskommune. Arbeidsutvalet inviterer til fem opne møte om viktige vegval for Vestland fylke. Føremålet med møta er å få fram kunnskap og innblikk i utfordringar i ulike delar av det nye fylket, som rører ved Vestland fylkeskommune si rolle som tenesteleverandør og samfunnsutviklar.

Målgruppa er alle som har synspunkt på kva som bør vera satsingsområde i det nye fylket.

Meir om arrangementet for dialogmøtet kan du lese om her.