Ei ny og omfattande utbygging vart lyst ut på anbod i slutten av februar, og er no skrive avtale om med Telenor. Prosjektet vil gje opp mot full høgfarts breibandsdekning for fastbuande og næringsdrivande i Gulen, og er finansiert med tilskot frå Gulen kommune, Vestland fylkeskommune og staten. Fritidsbustader er ikkje er omfatta av statsstøtteordninga, og kan såleis ikkje omfattast av avtalen. Telenor er interessert i dialog om slike utbyggingar i samband med hovudprosjektet, men då på eigne vilkår.

Den nye utbygginga femner om desse områda: Grima, Brimnes, Randal, Vassvika-Skjerjehamn, Li, Hisarøyna, Mjåneset, Dingja, Fallebø-Vatne, Brossvika, Setenes-Glenja, Høyvika-Grinde, Glossvika-Omdal, Hantveit, Austgulen, Breidvika-Takle, Yndesdalen-Verkland, Instefjord og Kringla.

Utbygginga vil etter planen vere ferdig i slutten av 2021. Meir detaljar kjem når prosjektplanlegginga har starta opp.