Litt praktisk info:
Den nye terminalen er enkel å bruke. Ein skal taste inn fødselsdato med seks siffer. Er ein til dømes fødd 03. januar i 1950, tastar ein 030150 på skjermen. Ein vil deretter kunne velje «Kort» eller «Faktura». Vel ein å betale med kort vil ein finne kortautomaten til høgre for skjermen. Denne fungerer som alle andre kortautomatar. Ein set inn kortet og tastar deretter kode. Vel ein i staden faktura, vil terminalen skrive ut ein faktura på papir. Dersom du skulle gløyme å betale vil du automatisk få tilsendt faktura i posten. Ver merksam på at det blir lagt til eit fakturagebyr på 59 kroner. 

I starten vil nok mange vere usikre på korleis terminalen fungerer. Vi vil sjølvsagt rettleie dei som treng hjelp.

Betaling i Brekke og på Byrknesøy vil vere som før.