Bemanningssituasjonen i Nordhordland lensmannsdistrikt er krevjande ettersom det er færre tilsette enn før. I samband med endring av opningstid vil politiet i større grad enn no kunne ha personell med fullverdig operativ godkjenning til stades ved kontoret. Målsettinga er å ha ei operativ patrulje i området oftare enn det har vore den siste tida. I tillegg til å bemanna kontoret, skal patrulja vere ute og ha kontrollaktivitet og anna førebyggande arbeid. For å kunne gjere dette vert opningstida på kontoret redusert, men kontoret er framleis ope 2 dagar i veka.