Det blir hovudsakleg onsdagar og torsdagar som blir mine ressursdagar. Min jobb vil bestå i å være ein ressurs for personer med alvorleg sjukdom der ein har behov for hjelp enten det er planlegging av heimreise, oppfølging heime eller som ein samtale person.

Oppgåvene er mange og varierte. Eg vil også være eit bindeledd mellom sjukehus og kommune, der det er ønskelig og nødvendig. Det kan oppstå mange situasjonar når ein er under behandling og då håpar eg at det kan være godt og nyttig for den enkelte å ha ein i kommunen som ein veit ein kan ta kontakt med. Eg vil også ha tett samarbeid med fastlege og dei andre sjukepleiarane i sonene og sjukeheimen og ikkje minst helsesøstrene der det er naudsynt.

Med denne informasjonen håpar eg at informasjonen sprer seg i Gulen og at eit godt samarbeid kan starte kanskje med deg eller med nokon i din familie❣
Ta kontakt med meg på mobil 47236906
mvh Mona Hjartholm