eFaktura
Du betalar fakturaen frå kommunen i nettbanken
- KID- og kontonummer er ferdig utfylt.
- Du kan endre betalingsdato og beløp.
- Du får varsel på e-post når fakturaen kjem inn i nettbanken.
- Alle eFakturaer må godkjennast av deg før kontoen vert belasta. Dette gjer du med eit klikk.
- Du har full oversikt over betalte og ubetalte eFakturaer i nettbanken
- Logg inn i nettbanken, gå til Betaling og Betalingsavtaler, finn aktuelle eFakturaer, aktiver eFaktura-avtalar.
- eFaktura-referanse for Gulen kommune = Kundenummer (6 siffer)
- Meir informasjon: efaktura.no

AvtaleGiro
Du unngår purring og gebyr ved for sein betaling
- Rekninga betalast automatisk på forfallsdato.
- Du blir varsla minst sju dagar før rekninga har forfall.
- Du får kvittering på kontoutskrifta.
- Meir informasjon: avtalegiro.no
-Ta kontakt med banken din om du ikkje får til å registrere dette sjølv.

Det er mogleg å kombinere eFaktura og AvtaleGiro. På denne måten sparar du papir og har oversikt i nettbanken.
Her er ein film som viser forskjell mellom eFaktura og Avtalegiro.

Kvifor bruke tid på rekningar, når du heller kan bruke tid på det du vil?