- Kva skal eg gjere dersom eg trur eg er smitta av koronaviruset?

Ved spørsmål eller mistanke om koronasmitte må de ta kontakt med Gulen legekontor på telefon 57 78 10 90 eller legevakta på telefon  116 117 .

 

- Skal vi betale for barnehage og SFO?

Ingen skal betale for barnehage og SFO så lenge barnehagar og skular er stengde. Dei som likevel får eit tilbod sidan dei er nøkkelpersonell, skal heller ikkje betale. Vi tenkjer at de betaler fakturaen for mars månad som vart laga før stenginga. Då har de betalt  ca. ein halv månad for mykje. Dette vert godskrive på neste faktura. 

Om de har vanskar med å betale no, ta kontakt med kommunen. Vi kjem tilbake med meir informasjon om stenginga vert forlenga.

Klikk på linken for informasjon om kven som har rett til tilbod i barnehage og skule...

 

- Kan eg reise på hytta mi i Gulen då eg tilhøyre kommune i same legevaktdistrikt?

Ny forskrift skiller ikkje på om du tilhøyrer same legevaktdistrikt eller ikkje.

Klikk på linken og les heile forskrifta; https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2020-03-15-294

Forskrifta seier at : «Personer forbys å overnatte på fritidseiendom i annen kommune enn der vedkommende er folkeregistrert. Strengt nødvendig vedlikehold eller tilsyn som er nødvendig for å avverge store materielle skader tillates.»

Vi har no ein nasjonal dugnad for å hindre smitte, og alle tiltak som vert innført er for å hindre at smitten spreier seg. Alle må difor spørje seg sjølv. Er det strengt tatt nødvendig at eg ser til hytta akkurat no?

 

- Kan eg reise og overnatte på hytta mi i Gulen?

Regjeringa har innført forbod mot å overnatte på fritidseigedom utanfor eigen kommune. Kommunen kan ikkje gje dispensasjon frå forbodet. Kva unntak som gjeld kjem tydeleg fram i forskrifta.

- Kan eg reise på dagstur for å sjå til hytta mi i Gulen?

Forskrifta seier at : «Personer forbys å overnatte på fritidseiendom i annen kommune enn der vedkommende er folkeregistrert. Strengt nødvendig vedlikehold eller tilsyn som er nødvendig for å avverge store materielle skader tillates.»
Vi har no ein nasjonal dugnad for å hindre smitte, og alle tiltak som vert innført er for å hindre at smitten spreier seg. Alle må difor spørje seg sjølv. Er det strengt tatt nødvendig at eg ser til hytta akkurat no?

Klikk på linken for å lese heile forskrifta: https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2020-03-15-294

 

- Kan vi reise på dagstur til Bergen?

Dersom du ikkje har symptom kan du reise på dagstur til Bergen, men Gulen kommune oppmodar generelt folk om halde seg i ro og unngå unødvendige reiser. Vi syner og til råd frå folkehelseinstituttet(www.fhi.no) der ein prøver å avgrense smitte. 

 

- Eg skal på jobb i gamle Hordaland. Må eg i karantene når eg kjem tilbake til Gulen?

Gulen kommunen har kome fram til at kommunen ikkje kan treffe vedtak om karantene for alle som kjem til Gulen frå andre kommunar i store deler av Sør-Noreg, slik dei andre kommunane i gamle Sogn og Fjordane har gjort.
Grunngjevinga for dette er at kommunen har helsetenester i nabokommunar, og i tillegg har stor grad av arbeidstakarar frå nabokommuner. Eit slikt vedtak ville ha ei negativ påverknad på samfunnskritiske funksjonar.

 

- Må eg i karantene om eg har vore i Bergen eller Førde?

Du må ikkje i karantetene når du kjem tilbake til Gulen. 
Gulen kommunen har kome fram til at kommunen ikkje kan treffe vedtak om karantene for alle som kjem til Gulen frå andre kommunar i store deler av Sør-Noreg, slik dei andre kommunane i gamle Sogn og Fjordane har gjort.

Gulen kommune oppmodar generelt folk om halde seg i ro og unngå unødvendige reiser. Vi syner og til råd frå folkehelseinstituttet(www.fhi.no) der ein prøver å avgrense smitte.

 

- Eg er student i Bergen og skal heim til Gulen. Må eg i karantene?

Gulen kommune har gjort fylgjande vedtak: Studentar som kjem heim frå utdanningsinstituasjonar  i Oslo, Bergen, Trondheim og Viken, eller kjem frå skular som vart stengt grunna smitte før allment stengepåbod, skal i heimekarantene til og med 26.03.2020. Vedtaket er fatta med heimel i smittvernlova § 4-1, 5. ledd. Vedtaket vert gjeve tilbakeverkande kraft frå og med 12. mars.
Frå 27.03 er ikkje studentar i Gulen i karanetene, dette gjeld uansett kva dato dei kom til kommunen. 
Klikk her for meir informasjon...

 

- Vi får heim student som skal vere i karantene. Må resten av husstanden i karantene og?

Vedtaket omfatter berre studentar som kjem heim frå utdanningsinstituasjonar i Oslo, Bergen, Trondheim og Viken, eller kjem frå skular som vart stengt grunna smitte før allment stengepåbodsom sjølve har vore utanfor fylket. Husstandsmedlemmar er ikkje omfatta av vedtaket. 

 

- Eg treng økonomisk sosialhjelp. Kven skal eg kontakte?

Dersom du treng å kome i kontakt med NAV Fensfjorden for økonomisk sosialhjelp har vi dei ein vakttelefonen som er 413 97 364. 
Klikk her for meir informasjon..