Korleis kjem eg i gong med reguleringsplan?

  1. Laste ned startpakke og gå gjennom heile planprosessen for planarbeid
  2. Ta kontakt med kommunen/administrasjonen/plankonsulent for å planleggje orienteringsmøte
  3. Bestille oppstartsmøte med kommunen for formell oppstart av planarbeid

Kva er status på planen min?

Sjekk status i det digitale planregisteret ‘braPLAN’. Les meir ...

Rettleiar for å bruke braPlan...

Kva kostar reguleringsplan?

For handsaming av plan og støtte av planarbeid har kommunen vedteke eit gebyrregulativ, der dei ulike tenestene viser fastsette gebyr. 
Klikk her for å lese meir i gebyrregulativ...

(I 2015 er minste gebyr for ein enkel plan kr 41 000.)

Gebyret betalast i 2 trinn:

  • etter oppstartsmøte, kr 8 000,00
  • etter innlevert planforslag for administrativt vurdering og før 1. gongs handsaming, 
    minst kr 33 000,00

Planarbeid vert utarbeidd av fagkyndige og er ikkje med i gebyrregulativet. Tiltakshavar må sjølv tar kontakt med planleggjar. Kommunen kan gje oversikt over fagkyndige som tidlegare har søkt på vegne av tiltakshavar for godkjenning av plan.

Kor lang tid tar det for å få godkjent reguleringsplan?

Det gjeld offisielle handsamingsfristar for ulike trinn av planarbeidsprosessen. 
Klikk her for å sjå eit eksempel av framdriftsskjema for reguleringsplanar...

For å planleggje oppstartsmøte har administrasjonen planlagd 2 veker førebuingstid. Det kan til dømes vere aktuelt at planoppstart må godkjennast i hovudutval for plan og utvikling.

Tiltakshavar er ansvarleg for annonsering av planoppstart i minst ei avis. Høyringsperioden er minst 6 veker. Involverte grunneigarar og naboar vil få oppstartsvarsel per brev. Oppstartsvarsel sendast også til myndigheitene. Klikk her for å sjå administrasjonen si adresseliste for alle mogelege berørte myndigheiter...

For å vurdere innlevert planforslag for 1. gongs offentleg ettersyn har administrasjonen i forhold til PBL § 12-11 planlagd ei 12 vekes periode for administrativt vurdering av planforslag. Etter administrativt godkjenning vert framlegg for handsaming i HPU utarbeidd.
 
Kommunen er ansvarleg for å kunngjere alle vedtak i forhold til planprosess
- etter vedtak om handsaming av planforslag for offentleg ettersyn.
- etter vedtak om endeleg godkjenning av planforslag.
Periode for offentleg ettersyn er minst 6 veker.

Kommunen kunngjer status av alle planar på heimesida! Les meir…

Sluttprosessen er eventuelt klagehandsaming. Ein kan klage på vedtak av godkjent plan innan 3 veker etter kunngjering i avis, jf. § 27 i forvaltningslova. Les meir...

Nyttige lenker

www.dibk.no
(opplysingar om plan og bygningslova i samband med planprosessen for planar, utbygging, søknader, løyver, dispensasjoner, osv.)

www.nordhordlandskart.no 
(nærare opplysinger om kart i Nordhordland og Gulen)

www.fylkesatlas.no
(nærare kartopplysingar med ulike tema i samband med plankartarbeid)

www.geoweb.no/braplan/
(nærare opplysingar om alle registrerte planar innan Gulen kommunen sitt ‘planregisteret’)