Nasjonale råd og anbefalingar

Kjernekraftverket ved Zaporizjzja i Ukraina er i ein alvorleg situasjon. DSA ser med uro på dei stadige meldingane om kamphandlingar i nærleiken av anlegget, i tillegg til mangel på vedlikehald og utstyr som følgje av den russiske okkupasjonen. Ukrainsk driftspersonell er under betydeleg press og er prega av okkupasjonen av anlegget. 

DSA overvakar situasjonen og har god kontakt med ukrainske styresmakter og det Internasjonale Atomenergibyrået (IAEA). Dei følgjer no spesielt med på informasjonen om tilstanden ved Zaporizjzja-kraftverket. 

Siste oppdaterte informasjon om situasjonen finn de her: https://dsa.no/nyheter 

Om det skulle oppstå eit utslepp av radioaktivitet i Ukraina, og vinden bles mot Noreg, vil det ikkje føre til akutt helsefare for personar i Noreg. Avstanden er så stor at utsleppet vil fortynnast kraftig før det kjem hit. Det vil såleis ikkje vere nødvendig å ta jodtablettar, og barn og vaksne vil kunne opphalde seg utandørs i Noreg.

Det er ein viss risiko for at eit utslepp kunne føre til at næringsmiddel vert ureina i deler av landet. For å sikre trygg mat kan det såleis verte aktuelt med tiltak. Det kan t.d. vere å halde mjølkeproduserande dyr innandørs og å endre haustetidspunkt for grønsaker. Det kan òg vere aktuelt å gi kosthaldsråd.   
 

Eit utslepp ved Zaporizjza kjernekraftverk kan nå deler av Noreg i løp av 16 timer ved kraftig vind. Med normal vind er det sannsynleg at utslepp vil nå oss i løpet av eitt til to døgn. 

Meir informasjon om konsekvensar for Noreg ved eit eventuelt utslepp finn de her: https://dsa.no/atomberedskap/ukraina--atomsikkerhet-og-beredskap 


Me kan forstå at folk vert urolege, så frå kommunen si side ynskjer me å understreke at me føl nøye med på det som skjer. Leiinga i kommunen har jamnleg møter med Statsforvalter om verknadane av krigen i Ukraina. 

Lenker til oppdatert informasjon frå myndigheitene

Trykk her for å komme til spørsmål og svar på regjeringen.no

Trykk her for å komme til informasjon om krisa på udi.no

Atomberedskap

Trykk her for meir informasjon om atomberedskap og jodtablettar.

Datatryggleik

Nasjonal sikkerhetsmyndigheit (NSM) forventar auka risiko for cyberangrep mot norske verksemder og institusjonar. Cyberoperasjonar retta mot ukrainske mål, kan også få indirekte konsekvensar for norske verksemder.
NSM anbefaler at verksemder og institusjonar er ekstra påpasselege for slike aksjonar.

Som privatperson kan du vere ekstra påpasseleg med kva du klikkar på i e-post-vedlegg, sosiale medier og på usikre nettsider. Følg generelle råd for datatryggleik.

Korleis kan du hjelpe

Innbyggjarar spør også kva ein kan gjere for å hjelpe Ukraina. Mange humanitære organisasjonar er i gang med å hjelpe ukrainarar. Vi oppmodar til å følgje med på nyhende og andre informasjonskanalar dersom du ynskjer å hjelpe.


Sist oppdatert: 14.10.2022
Publisert: 11.03.2022