Turstien mottok 1 million i spelemidlar i 2017 og er no offisielt opna. Her har vore gjort eit godt arbeid med dugnadsinnsats og søknadsskriving for å få dette prosjektet realisert, og takka vere eldsjelene saman med bedrifter og privatpersonar har ein kunne realisere tiltaket.

Offisiell opning fann stad 22 september, og det var ca 100 frammøtte for å vere med å sjå varaordføraren klyppe snora og gå turen, samt finne idealtida på denne distansen. Ivar Rutledal kom nermast.

Bygda og kommunen kan rette ei stor takk til gjengen som har jobba fram dette resultatet. Roy Nærdal har vore entrepenør i prosjektet, og Susan Norman har designa skiltet. Einaste som gjenstår å sei no er -
GOD TUR FOLKENS!

Opninga av prestegardstien
Prestegardstien 2