Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Oppmåling

Nytt høgdegrunnlag i kommunen

melding frå kartverket og oppmålingsingeniør i Gulen

Gulen kommune innfører eit nytt høgdegrunnlag NN2000 i kartdataene frå og med 26.05.2015. Kartdata som blir levert av kommunen etter denne dato vil ha andre høgdeverdiar (andre z-koordinatar) enn dei har i dagens NN1954 høgdesystem.

Grensejustering

For å rette opp ulagelige grenser mellom eigendomar kan ein få utført ei grensejustering. Ei grensejustering vil seie at det kan overførast mindre område mellom to eller fleire matrikkeleiningar (eigedommar) som har felles grense.

Arealoverføring

Skal du overføre areal mellom tilstøytande matrikkeleiningar (eigedommar), kan arealoverføring vere ein aktuell prosedyre. Arealoverføring opnar for å overføre større areal mellom to eigedommar enn kva som er mogleg ved ei grensejustering

Delingssøknad

Ved deling av eigedom blir eit areal av ein eksisterande eigedom frådelt og oppretta som ein eigen eigedom (matrikkeleining) med eige matrikkelnummer; dvs. eige gardsnummer og bruksnummer. Den nye eigedomen registrerast i grunnboka og i matrikkelen (eigedomsregister og eigedomskart). Føringar kring deling av eigedom finn ein mellom anna i plan- og bygningslova § 26-1 og Matrikkellova. Sentrale tema for frådeling av ny byggjetomt er veg-, vass- og avlaupsløysingar.

Språk Norsk - NorwegianSpråk English - EngelskSpråk German