Me er alle særs redde for å få smitte inn på sjukeheim, bu- og omsorgssenter eller til sjuke heimebuande, og me vil difor gjenta oppmodinga vår til helsepersonell. De er nøkkelpersonar for å unngå ein slik situasjon, helsepersonell må difor vere særleg merksame på å unngå smitterisiko på fritida.

Ta heller ein telefon eller bruk videosamtaler framfor å oppsøkje nokon som kan utgjere ein smittefare for deg. Ikkje oppsøke områder med stort smittetrykk eller smittesituasjonar som større butikkar/varehus der det er vanskeleg å halde anbefalt avstand.
Minner og om nasjonale retningsliner om å unngå unødvendige innanlandsreiser.