Pasient- og brukarombodet varetek behova, interessene og rettstryggleiken til pasientar og brukarar og arbeider for å betre kvaliteten i helse- og omsorgstenesta. Du kan kontakte pasient- og brukarombodet dersom du treng råd og informasjon om rettane dine. Du kan òg få hjelp dersom du vil nytte klageretten. Alle fylke har eit pasient- og brukarombod. Du finn informasjon om dei på www.pasientombudet.no. Pasient- og brukarombodet i Sogn og Fjordane har telefonnummer 57 82 11 00, e-post sf@pobo.no