Kreftkoordinator

Kven er tilbodet meint for?

Du kan ta kontakt dersom du:

  • Nyleg har fått ein kreftdiagnose
  • Er pårørande til ein som har kreft
  • Ventar på behandling
  • Er under behandling
  • Har seinverknader etter kreftbehandling
  • Er frisk etter behandling, men har spørsmål om rehabilitering
  • Ikkje blir frist og treng hjelp til tilrettelegging av kvardagen

Pårørande kan også ta kontakt. Det same kan samarbeidspartar i kommunen og spesialisthelsetenesta.

Kva kostar det?

Tilbodet er gratis.

Kva kan kreftkoordinatoren hjelpe deg med?

  • Vere ein ressursperson for deg som er kreftramma eller er pårørande
  • Gi råd og rettleiing om diagnose, behandling og rehabilitering
  • Vere ein samtalepartnar, som kan bidra til å sortere tankar i ei vanskeleg tid
  • Ha oversikt over og informere om relevante tilbod og tenester, kurs og rehabilitering
  • Vere eit bindeledd mellom deg, fastlegen, spesialisthelsetenesta og kommunane, og formidle kontakt til ulike tenester og aktuelle samarbeidspartnarar
  • Sikre oppfølging av barn og unge som er pårørande
  • Koordinere og leggje til rette for at du og dine får ein best mogleg kvardag heime
  • Omsorg ved livets slutt

Kontakt oss

Du treng ikkje å søkje eller bli tilvist frå lege eller spesialist. Du som er kreftramma eller pårørande kan ta direkte kontakt på telefon eller e-post. Du kan også be andre om å ta kontakt.

Du treng ikkje søkje eller bli tilvist frå lege eller spesialist. Du som er kreftramma eller pårørande kan ta direkte kontakt på telefon eller e-post. Du kan også be andre om å ta kontakt.

Samtale med kreftkoordinatoren kan skje heime hos deg, på telefon eller på kontoret til kreftkoordinatoren. 


Sist oppdatert: 26.04.2022
Publisert: 28.06.2018